Resultat av spørjeskjema på HaNo-dagane
Samanfatning av Øyrådet sine spørjeskjema på HaNo-dagane 5. – 6. september 2015.
Antal svar: 5
Alder på dei som svarte: 16 – 45 år
Spørsmål og svar:
1. Kvifor bur du på øyane? Om du ikkje bur her, kva skal til for at du vil flytte hit?
- fordi eg er oppvaksen her
- flott stad å bu, bra samfunn
- kjekke folk, godt sosialt miljø
- har familie her
- natur og friheit
- mange sosiale arrangement
- kjekt å ha eigen kvileheim
2. Øyane har mange aktivitetar og kulturelle tilbod for folk som bur her. Er det nokon tilbod du saknar her ute?
- volleyball for oss unge (med skikkelege trenarar)
- handball
- symjehall
- bakeri
- velforeiningar som held orden og skaper fine miljø
3. No er vi nærare Nordøyvegen enn vi nokon gong har vore. Kva meiner du øyane langs Nordøyvegen kan samarbeide om, og korleis?
- kollektivtrafikk
- nytte kvarandre sine tilbod
- butikkar (kjøpesenter)
- sport
4. Kva moglegheiter opnar seg når Nordøyvegen kjem (friluftsliv, fritidsaktivitetar, arbeid og næring m.m.)?
- enklare å kome seg andre plassar
- kan bu på øyane og jobbe på fastlandet
- øyane står sterkare samla
- vi kan gjere kvarandre gode
- slepp å vente på ferja
5. Kvar ser du øyane i 2030 (folketal, næringsliv, skule, trivsel)?
- mange folk flyttar heim igjen
- mange fleire folk
- yrande liv og trivsel
- kjøpesenter
- fleire skular
- fleire aktivitetar
- ein god plass å bu og leve