Stikkekafé på Gamleskulen
Strikking er populært i Noreg for tida. Vi har augene opne for ull og ullprodukt. Men strikkekaféen er meir enn varme sokkar.
Nyleg las vi i Nordre om 3D strikking med maskin. Framtidsretta og effektivt. På Gamleskulen på Flem var det ikkje 3D, men strikkepinnar, prat og latter. Ei varm og innbydande atmosfære. Her kosa dei seg i lag. Det er samling to gonger i halvåret, kanskje vert det tre (ikkje D). Interessa talar for det.
Alder og kjønn
La det vere sagt, her var det ingen mannebein. Flest vaksne kvinner. Prøvde å spørre om det var yngre som prøvde seg på strikking? ”Vi er berre unge her” var svaret. Klart det, i godt lag er ein så unge ein vil vere. Då er alder berre eit tal som ein kan unnvere. På landsbasis strikkar unge i alle aldrar som aldri før. Også alle kjønn. Og når praten går kom ei lita historie. Ei av kvinnene fortalde at mannen hennar som dreiv sjøen i alle år, gått bort for ei tid tilbake, men først når han gjekk i land for godt, fortalde han at han strikka eigne sokkar då han var ung. Ho mora seg stort over at han hadde haldt det for seg sjølv i heile ekteskapet.
Strikking i felleskap
Alle har med seg eigne arbeid. Oppskrifter, planlegging, idemyldring og så deler dei på litteratur om strikking. Det vert strikka til eige bruk, til born og gåver. Mariusgenser eller Lothepus luer. Felleskapet gjev inspirasjon og glede til ein hjartegod hobby. På Gamleskulen har dei vore om lag 13-15 personar på samlingane. God plass til fleire unge – smiler dei.
Strikking har også inkludert internett. Her kan ein danne grupper, dele oppskrifter og få vener. Elin Flem er på nettbrett med strikkevener. Ho synes det er kjempegøy. Ein arena som kan samle på tvers av kjønn og alder.
Strikking på mange arenaer
Ikkje nok med at Gamleskulen på Flem samlar ivrige strikkarar. På Austnes, hjå Barius og Kaktus har dei også strikkekveldar. God mat seier rykte. Og ut på Ulla Fyr i fyrvaktarbustaden skal det strikkast. Ullplagg mot nordvest kuling og storm.
Olav Skarstein