Stjernekamp
Ikkje kamp som på NRK, men korsolistar som stod fram – lokale stjerner på konserten ”Syng meg ein song” på Haramsøy. Her kjempa dei i lag.
Det er fjerde gongen at Kor For Oss har hatt samarbeid med Jon Lotteruds trio. Mange av låtane var naturleg nok av Lotterud si hand eller arrangement. Fint samarbeid mellom ein musikalsk trio og eit kor i god haustform. Korfor står Haramsøy så høgt på lista spurde vi Lotterud om? Jau, han har kjent dirigenten i koret, Jens Aksnes i mange år. Får god traktering når dei er på besøk og så likar dei øya og det trivelege opplegget.
Stjerner. Heile åtte solistar fekk skine både ein og to gonger. Av dei 15 songane var det berre eit par som ikkje hadde solist. Kor For Oss stilte med seks, Peter Nyhus Aksnes, Kristin Nyhus Aksnes, Elisabeth Haram, Sigrid Rogne, Linda Nogva Vedeld og Geir Håkon Austnes. Gjestesolist var Preben Austnes Lorgen. Jon Lotterud hadde ei avdeling der han fekk underhalde med både mimring om sitt opphav på kanten av landet, mot svenskegrensa og song. Han hadde eit par eigne, mellom anna ”Syng meg ein Sang”, ein song om å leve livet.” som handla om å finne kvarandre då ein nesten hadde gjeve opp håpet. Alle dei lokale stjernene leverte, ”Bartender Blues” blues med Geir, ”To make you feel my love” kjærleik med Kristin, Preben hadde ”Viva la Vida”, Elisabeth levde seg inn i ”He is my Lord”, Linda svinga i ”Don’t Worry”, Peter i finale med ”Don’t give up”. Og ikkje minst, Sigrid sang om kjensler og kjærleik i ”True Colors”. Ein vinnar!
Kor For Oss
Vi skal ikkje gløyme at koret i seg sjølv er det viktigaste. Sopran, alt, tenor og bass. Talet varierer seier leiaren, Ingunn Kjerstad, men ca. 26 har vore med no i det siste. Vi talde 8 karar, så då vet det 2,25 dame pr. mann. Det er plass til fleire seier Ingunn, utan å spesifisere. Koret har øvd ei stund med dette repertoaret. Kjempekjekt seier ho, og masse ny energi i samarbeidet med Lotterud. Både øving og framføring er gøy.
Sjølv om koret var med i dei alle fleste songane, var det ein utan solist som var mektig i mine øyrer, ”I’ll hasten to his throne”. Den vaks i intensitet og var skikkeleg god å høyre på. Mektig!
Musikk, hygge og vere i lag – har sagt det før – Det er lett å bli glad og ha det bra i lag. Bli glad med song og musikk. Mat og prat. Det er heilt sant, Stjernekamp starta på NRK samstundes med konserten i Samfunnshuset, likevel fann ca. 100 at levande underhaldning var tingen denne laurdagskvelden.
Olav Skarstein