Storkorps feira Nordøyvegen
Korpsa på Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy/Skuløy i samspel som storkorps. 90 musikantar på scena og 300 lydhøyre i salen i Nordøyhallen søndag ettermiddag. På Rett Veg!
Mektig musikk som hyllar starten på Nordøyvegen – ein veg med lang ventetid. Tre jenter frå kvar si øy, frå nord til sør, Mari Høistad Bergheim (F/S), Andrea Gunnarstein Austnes (H) og Malin Rønstad (L) opna konserten med å hylle 1. spadetak og alle spadetaka framover fram til dagen då vegen står ferdig. Tre jenter som spelar i kvart sitt korps og som er med i dette flotte samspelet. Framtidig samarbeid.
Tre korps og to dirigentar
Ingvild Haram dirigerer Haramsøy Skulekorps, medan Slavey Stoyanov er sjef for Lepsøy Skulekorps og Flem Skulekorps. Eldsjeler for korpsmusikk som truleg mange kunne tenkt seg å hyre. Kva seier du Ingvild no etter konserten? ”Eg er mållaus – så flinke ungdommar og så fantastiske foreldre og hjelparar. Hadde ikkje blitt slik flott konsert utan topp engasjement. Heile hausten har korpsa jobba knallhardt med det musikalske – og eg vil gje ein stor honnør til alle musikantane. Eg er imponert!”
Tenk at eit folketal på ca. 1600 kan stille med eit korps på 90. Det skjer ikkje mange plassar. Eit unikt musikkliv ute på kanten av landet.
Nordøyhallen og sånt
Det er vanskeleg å syne alle musikantane på scena for publikum. Folk sitt nede og korpsa sitt oppe bak ryggar og notestativ. Ei fin løysing med storskjerm og direkte film frå konserten gjorde jobben. Jonas Remii Nogva køyrde kamera. Berre ein tredjedel av hallen var i bruk, resten var avskjerma.
Fint driv i første melodi – Michael Jackson låten ”Thriller”, medan låt nummer to ”The Stars Wars Saga” tok oss til nye høgder. Her fekk trommeguppa pøse på med rytmer. Mektig. I Palm Court fekk nokre solistar skine, Mari Høistad Bergheim på kornett, Aurora Longva på altsaks, Ine Mariell Austnes på trompet og Håkon Brekke på trombone.
Masse bra i første avdeling med Slavey Stoyanov som dirigent, der siste låten var Facination Drums.Etter meir kaker, loddsal og hygge rundt borda, kunne Ingvild Haram ta taktstokken til nye høgder i avdeling nr 2. Først kom Birdland med Johan Olav Nyborg på baritone – nydeleg. Etter ei rekkje fine låtar nærma vi oss slutten. The Chicken, der Hallgeir Remme slapp seg laus med bassgitaren (gjest) og slagverkgruppa slo seg laus på trommeskinna.
Konserten vart avslutta med to låtar, ”Rise” – saxofonen klaga i bakgrunnen og rytma vart klappa både i sal og på scene. Siste låten ”Kick Off” var takk for no.
Takk
Tre jenter, Mari, Andrea og Malin – no dukka dei opp igjen. Dei hylla sine dirigentar og alle som har teke del i prosessen fram til konsert og gjennom konsert. Køyring til og frå, engasjement, mat, kake og alt. Takk også til Farstad Lyd og Lys for topp kvalitet på lyd og lys.
Olav Skarstein