Referat frå styremøte i Øyrådet 02.11.16
Desse møtte:
Lidvar Rogne, Gjertrud Longva, Bjørn Longva, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Mette Krogsæter
Forfall: Joar Haram.
Stad: Flem skule. Start kl. 18.00- slutt kl.19.30
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte ( v/Tanja) Referatet er lagt ut på heimesida. Det er også laga møteplan for styremøta i øyrådet.
Sak 2. Nytt frå arbeidsgruppene.
- Økonomi:
- Bra økonomi i øyrådet . Ein del midlar er knytta opp mot Placement. Dagskurs angåande tilflytting frå Placement kan vere aktuelt.
- Bør ta opp økonomien som eiga sak neste styremøte (7/12). Bygdemobiliseringsmidlane og status på planen/prosjektet og bruk av midlar. Knut førebur dette.
- Budsjett frå skulebua vart framlagt. (Sjå eige skriv.) Dugnadstimar er også dokumentert. Imponerande innsats er lagt ned! God muligheit til å få tippemidlar etter at jordskifteretten har gjort sin jobb. Det vil frigjere midlar til nye prosjekt.
- Referat frå Skulebu-gruppa ligg på heimesida til øyrådet: Nordoy.net
- Opning av skulebua er datofesta til 25.mai. (Opninga er under planlegging)
- Ide: Henge opp litt info om status for skulebua på øyrådet si infotavle på buda.
, - Informasjonsgruppa: Har ikkje hatt fysiske møte, men følgjer med og legg ut ting på FB-gruppa. Olav har skrive litt som hamnar på nettsida. Knut er «redaktør» for nettsida, men er ikkje lenger medlem i Infogruppa. Informasjonsgruppa v/leiar ynskjer gjerne eit «kurs» om drifting av nettsida, slik at fleire frå informasjonsgruppa kan bidra aktivt med denne. (Eit lite spark for å kome i gang:)
,
- Tilflyttingsgruppa:
1. Får besøk frå Nederland. 17.-20.november av 35 år gammal mann med to barn på 2 og 5 år. Yrke: Teknisk bakgrunn. - 2. Interessert: Familie med 3 barn på 1, 6 og 9 år. IT-bakgrunn.
- 3. Interessert: Familie med barn på 5, 9 og 11 år. (Ukjent yrkesbakgrunn)
- Tilflyttingsgruppa følgjer opp vidare.
,
- Bustadgruppa: Har ikkje hatt møte. Styret etterlyser ei oppdatert liste av aktuelle ledige bustader. Det er behov for dette i samband med tilflytting. Gjertrud (Nestleiar) tek initiativ til eit møte med det første.
,
- Næringsgruppa:
Har hatt evaluering av seminar om marin næring. Vegen vidare: Vil gjerne prøve nytt seminar i februar. 2 timars seminar, prøve å få med fleire. Tema: Turisme.
-Ide om «Utviklingsforeining». Eventuelt ta kontakt med Haram nærings og innovasjonsforum angåande dette.
– Invitasjon 10.nov. om andelslandbruk. (Ingen meldte seg til å reise på dette) - Studie-ring om samfunnsutvikling blir oppstarta med det første. Kurs ope for alle. Hyre inn eksterne foredragshaldarar. (Innspel frå styret: Kanskje lurt å vente til etter jul for å få med flest mogleg.)
.
Sak 3. Utbygging av Coop Longva.
Gjertrud Longva har undersøkt litt angåande brakker, men bygging i mur synest mest aktuelt. Bjørn har undersøkt prisar, kjem på ca 175.000, 80 m2. Har vore i dialog med Coop sentralt. (My Pack er aktuelt å spørje etter årsskiftet.) Bjørn og Gjertrud jobbar vidare med dette, og opprettar ei arbeidsgruppe. Positivt tiltak
Sak 5. Breibands utbygging på Øyane – Status.
Lidvar har vore i kontakt med Tafjord kraft. (Drift) Legginga er det Nordvestnett som står for, har fått eit par namn her. Lidvar Rogne tek kontakt med Jens Aksnes som også jobbar med denne saka.
Sak 6. Nordøyvegen – Vårt bidrag. Lidvar har vore i kontakt med Bjørn Sandnes, men det er ikkje noko behov for mobilisering for øyeblikket. Lidvar held seg oppdatert angåande saka.
Sak 7. Eventuelt.
- Klypa-show på Grendahuset?. Gjertrud har vore i kontakt med Klypa, og det kan vere aktuelt i samband med andre oppdrag i området. Dans i etterkant? Gjertrud jobbar vidare med denne saka i Trivselsgruppa.
- Gjerde på skuletoppen? (Nordøy IL har diskutert dette). Øyrådet er negativ til oppsetting av gjerde. Naturen bør ikkje gjerdast inn.
Neste møte i Øyrådet er onsdag 7.desember. Hovudtema: Bygdemobiliserings-prosjektet; Status og framdrift.
Skrivar: Tanja Mjøs Otterlei
Vedlegg: Økonomisk oversyn over utgifter og inntekter Skulebua.