Referat frå styremøte 08.05.2018
Tid og stad: Onsdag 8. mai 2018 kl. 17.00 på skulen
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Ewa Piasecka, Grete Vindsnes og Knut Flem.
Forfall: Jan Arne Longva, Bjørn Longva
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2: Kommunikasjon i styret
Innkalling med sakliste vert sendt på epost. Innkalling/påminning vert lagt ut på styret si Facebook-gruppe. Ewa rydder opp i gruppa – legg inn dei nye og slettar dei som ikkje skal vere der. Vi sender både innkalling, referat frå møta og andre ting som angår styret også til varafolket.
Sak 3: Info frå gruppene
Næring/tilflytting: Uwe har sendt innspel til Nye Ålesund om prosjektet angåande utbygging av breiband. Han vil følgje dette opp.
Trivsel: Siste frist for innlevering av dato for arrangement til hausten er 22. mai. Arrangement med ønska dato kan sendast til Grete. Gruppa planlegg «byttedag» 1. september og vil kanskje arrangere ein dans til hausten.
Dei andre gruppene hadde ikkje noko å melde.
Sak 4: Lage oversikt over gruppene
For å få ei samla oversikt over gruppene, sender leiarane namn på leiar, nestleiar, evt. skrivar og alle medlemene til Knut, som set opp ei oversikt og legg den ut på nettsida.
Sak 5: Bygdemobilisering – innsamling av dugnadstimar
Bygdemobiliseringa var eit 3-års prosjekt og vert avslutta pr. 30.06.2018. Dette er altså siste dato for timeteljing på møte og andre aktivitetar som kjem inn under prosjektet.
Rapport for prosjektet med timetal så langt vart avslutta og sendt pr. 31.05.2016. Vi skal altså no telje timar frå og med 1. juni 2016 til og med 30. juni 2018. Samla timetal for kvar gruppe skal sendast til Knut. Notatar om timane bør gruppeleiarane oppbevare i tilfelle kontroll frå høgare hald seinare.
Sak 6: Avtale om kafébygget Øyrådet–Coop
Forslag til avtale utarbeidd av Knut vart diskutert. Tillegg til avtaleteksten vart gjort i punkt 4 og punkt 6. Revidert avtaletekst med tillegga følgjer vedlagt.
Sak 7: Studietur til Norddal eller annan stad
Uwe tek opp spørsmålet i Nærings- og tilflyttingsgruppa.
Sak 8: Utsending til møte på ID-huset 14. mai
Uwe reiser på dette møtet for Øyrådet. Møtet handlar om korleis ein skal ivareta lokaldemokratiet i Nye Ålesund.
Sak 9: Status på webkamera på Skulebua
Christian rapporterte 29/4-18 at to kamera var montert. Utlagde prøvebilder viser at det fungerer. Det stod då att å montere dei to siste kamera og få sett opp antenna som skal sende signala ned til bygda.
Under eventuelt:
Sak 10: Vindmøller på Haramsfjellet
Styret trur ikkje Øyrådet kan påvirke dette prosjektet sidan det er godkjent av alle instansar og har fått konsesjon. Vi kan eventuelt sjå om det kan utnyttast til noko positivt, dersom det blir realisert.
Sak 10: Teateret på Framtun
Denne verksemda er av høg kvalitet og svært populær blant barn og unge. Det er derfor viktig å støtte opp under aktiviteten, og Øyrådet er blitt kontakta med spørsmål å hjelpe med å skape blest og publisitet omkring teaterverksemda. Styret vil ta opp denne saka på neste møte.
Møtet slutt kl. 18.25
Etter møteplanen er neste styremøte 13. juni, men det kan bli før.
Skrivar: Knut Flem