Referat frå styremøte i Øyrådet 04.06.18
Kl. 20.00 på Flem skule
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Ewa Piasecka, Grete Vindsnes, Jan Arne Longva, Bjørn Longva og Knut Flem.
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste samrøystes godkjent.
Sak 2: Oppføring av kafébygg ved Coop Marked
a) Kostnadsoverslag vart lagt fram av Bjørn. Det lyder på kr. 431.000 totalt i kjøp av varer og tenester og er fordelt på grunnarbeid kr. 60.000, bygningsvarer frå N.L. Austnes kr. 281.000, rørlegging kr. 50.000 og elektrisk kr. 40.000. Inventar er ikkje med ettersom vi reknar med det meste kan skaffast kostnadsfritt. Moms er inkludert.
b) Finansiering. Kafégruppa kan bruke inntil kr. 100.000 av Øyrådet sine midlar. Gruppa vert pålagd å arbeide for å skaffe mest mogleg inntekter ved å søkje offentlege midlar, sponsor-/støttemidlar og innsamling på øya og eventuelt andre måtar.
c) Avtale mellom Coop Marked Longva, Coop Orkla Møre og Øyrådet. Forslag til avtale låg føre med endring av punkt 7 i forhold til tidlegare forslag.
Med 5 mot 1 røyst vart det vedteke å oppføre kafébygg under dei føresetnadene som går fram av underpunkt a – c.
Sak 3: Info frå arbeidsgruppene
Trivsel: Gruppa planlegg «byttedag» 1. september og dans 22/9. Begge dagane er plotta inn på aktivitetskalenderen.
Dei andre gruppene hadde ikkje noko nytt å melde.
Sak 4: Studietur
Uwe prøver å få til ein studietur søndag 17 juni til Norddal eller ein annan stad.
Sak 5: Rapport frå møte på ID-huset 14. mai
Uwe deltok på møtet som utsending frå Øyrådet. Der var interessante foredrag, men kanskje ikkje direkte matnyttige ting for Øyrådet. «Fjernarbeid» via PC og internett vil bli stadig meir aktuelt, og derfor er det svært viktig å få fiber og raskare nett til øya.
Sak 6: Bygdemobilisering – innsamling av dugnadstimar
Gruppene må telje timar frå og med 1. juni 2016 til og med 30. juni 2018. Samla timetal for kvar gruppe skal sendast til Knut. Notatar om timane bør gruppeleiarane oppbevare i tilfelle kontroll frå høgare hald seinare.
Under eventuelt:
Sak 7: Promotering av teaterarbeidet på Framtun
UL Fram har vendt seg til Øyrådet med spørsmål om hjelp til å skape publisitet omkring teaterverksemda dei driv. Øyrådet meiner det er viktig å støtte opp under denne positive aktiviteten, og informasjonsgruppa vil informere og skape blest i samarbeid med teatergruppa.
Møtet slutt kl. 21.20
Skrivar: Knut Flem