Referat frå styremøte i Øyrådet 07.01.16
Stad: Flem skule. Start kl. 19.00- slutt kl.21.00
Desse møtte: Mette Krogsæter, Lidvar Rogne, Bjørn Longva, Gjertrud Longva (vara), Tanja Otterlei, Arnfinn Flem, Joar Haram, Birgit Kjerstad. Forfall: (Knut G.Flem, vara)
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte (v/Tanja).
2 saker vart føyd til dagens møte: Status frå møtet i Fylkestinget i Molde og Instruksar for valnemnda.
Sak 2. Planlegging av Folkemøte 26.01 kl. 19-21.
Agenda:
– Presentasjon frå Øyrådet. Orientere om status og kva arbeid som står føre.
– Ca. 45 min: Gert Rietmann, Placement. Informasjon om prosjektet, og kva som blir forventa framover frå lokalmiljøet.
– Ca. 45 min: Bjørn Sandnes, Oddbjørn Vatne og prosjektleiar Nærø orienterer om status for Nordøyvegen.
Sekretariat og Lidvar jobbar med ein kort presentasjon frå Øyrådet på ca.15 min. (møtest onsdag 13/1 kl 18 på skulen) Sekretariatet må også finne ein dato for årsmøte for Øyrådet. (februar/mars).
Lidvar Rogne kontaktar Placement og Nordøyvegen AS for å avtale nærmare innhald og tidsbruk. Mediagruppa lagar plakat/promotering på FB.
Sak 3. Status frå Placement v/Mette.
Det kjem stadig forespørslar frå familiar frå Nederland som er interessert i å flytte til øya. 2 familiar er interessert i å kome på besøk i løpet av vinter/vår. Aktuelle yrke er Fysioterapeut/osteopat bl.a. Næringsgruppa undersøker nærmare med kommune og andre om der er mogleg å få til eit reellt jobbtilbod. Gardsdrift/arbeid på gard er også aktuelt. Men det kan også vere andre typar jobb. Tilflyttingsgruppa treng fleire folk til å følgje opp komande tilflyttarar.
Sak 4. Besøk av NRK-programmet NOMINO angåande stadnamn og namn på øya vår. Programleiar Gøril Grov Sørdal m.fl. lagar reportasjeinnslag helga 6/2 og 7/2. Dei har allereie vore i kontakt med fleire aktuelle personar. NRK kjem til å sende ut ei uhøgtidleg «spørjeundersøking» som kjem i postkassene til husstandane på øya. Programmet kjem til å vere positivt og humoristisk vinkla, og vi håper det vil vere eit artig innslag som kan skape litt positiv oppmerksomheit.
Sak 5. Innspel til Øyrådet frå Einar Landmark – Forslag: årleg dagskonferanse om havbruk her på øya? Utvikling av nye næringar. Nye muligheiter i tilknytting til havbruk. Næringsgruppa i Samarbeid med Haram innovasjonsforum og fleire? Knyte kontakter, nytte dei som har kompetanse som er herifrå. Til neste styremøte kan ein gjerne kome med tips til aktuelle personar som kan vere verdt å kontakte. Gjerne personar med lokal tilknytning i første omgang. Involvere alle Nordøyane.
Sak 5. Eventuelt nytt frå arbeidsgruppene.
Næringsgruppa hadde møte 8/12.
Trivselsgruppa: Fleire i trivselsgruppa er engasjert i frivilliggruppa rundt Kvileheimen.
Økonomi: Fått eigen konto til Placement og ein til Skulebua. Det må lagast eit enkelt rekneskap til årsmøtet.
Sak 6. Kvileheim saka- status : Lidvar har vore i kontakt med nokre aktuelle personar, men ikkje kome i gang med noko konkret enno. Lidvar tek inititiativ til eit første møte.
Sak 7: Saker som kjem til:
- Instruks for valnemnda. Forslaget frå sekretariatet vart vedtatt.
- Lidvar Rogne og Arne Vedeld reiste til Molde på Fylkestinget då saka om Nordøyvegen var oppe. Nytt møte i Fylkestinget i Ulsteinvik i april, men usikkert om saka kjem opp på nytt allereie då.
-
Møte om kommunesamanslåing: Måndag 11. januar kl.17.30 på ID-huset. Lidvar, Mette, Tanja vurderer å reise. Møtet er ope for alle.
Skrivar: Tanja Otterlei