Styremøte i Øyrådet 07.09.16
Stad og tid: Flem skule kl. 18.30 – 19.40
Desse møtte: Mette Krogsæter, Lidvar Rogne, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Bjørn Longva, Joar Haram.
Saker:
1. Næringsgruppa arrangerer seminar om marin næringsutvikling tysdag 20.september på Nordøy grendahus. Program er offentleggjort på FB og via flygeblad og plakatar. Diverse næringsliv og skular er invitert med fleire. Presse er kontakta. Knut orienterte om den praktiske gjennomføringa. Mat: Mette lagar «fingermat»/tapas og mat til føredragshaldarane. Inger Synnøve Remme og Guttorm Ulla er også invitert. Kaffi og kjeks. Seminaret er for ALLE.
2. Bygdemobiliseringsprosjektet: Vi har fått inn 166.000 etter innrapportering av dugnadstimar. (Resten av midlane får ein når prosjektet er fullført.)
3. Skulebua har fått 50.000 i gåve frå Marine Harvest.
4. Invitasjon frå Lepsøy på eit «sosialiseringstreff.» Initiativ frå Anne Breiby og Arnfinn Flem. Dato kjem i løpet av hausten.
5. Ide: Arrangement av dataopplæring for eldre? Ungdommar som hjelparar?
6. Kvileheimen. Går rykte om at det heller ikkje er pengar til å bygge om? Ad.hoc utvalet i kommunen er i drift, men det er vanskeleg å få informasjon om korleis saka står. Dr. Hoedemakers har tatt initiativ til privatisering. Lidvar er invitert til eit møte om dette. Kva med å opprette privat demensavdeling? Bemanna omsorgsbustader?
7. Tilflyttingsgruppa har fått ytterlegare 5 presentasjonar frå nederlendarar. Skal ha møte i gruppa i kveld.
Skrivar: Tanja Otterlei