Referat frå styremøte i Øyrådet 11.01.17
Desse var tilstade: Lidvar Rogne, Mette Krogsæter, Gjertrud Marie Longva, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Joar Haram. Forfall: Bjørn Longva.
Start kl. 18.00- slutt kl.20.00.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte som var den 6/12 ( Tanja)
Sak 2. Eventuelt nytt frå arbeidsgruppene.
Trivselgruppa:
Klypashow 5/5-17 er under kontroll. Billettar er lagt ut for salg. (+salg av dansebillett.)
Annonsert på FB. Øyrådet bør kjøpe inn eit stempel med logo. (Lidvar bestiller.)
Butikken: Teikningar er under utarbeiding. Kalkulert til ca. 0,5 mill. Må få nokon til å sjå på ein evt. avtale om bygget med Coop. (Lidvar tek kontakt med aktuelle personar i Coop/ lokalmijø.)
Mediagruppa: Har bidratt med utarbeiding av billettar og plakat til Klypa. Jobbar stadig med å oppdatere FB og heimeside.
Bustadgruppa: Arbeider med oppdatering av ledige hus/leiligheter.
Tilflytting: Nederlandsk par kjem på besøk i mars. (Dei som var interessert i tare-dyrking.)
Knyte kontaktar opp mot Haram nærings- og innovasjonsstudio og Møreforskning.
Næringsgruppa: Ikkje noko nytt sidan sist. (Reiselivsseminar i mars er under planlegging.)
Økonomi: Ikkje noko nytt sidan sist.
Sak 3. Val av representant til Seminar om «Fiskeri i gamle dagar». September 2017 på Gunnabuda. (Haram kulturhistoriske lag er arrangør. ) Knut G. Flem blir vald som representant frå øyrådet.
Sak 4. Tilflyttarsamling / innviing av Skulebua: Dato : 25.mai 2017.(Kristi Himmelfartsdag.) Endeleg dato blir bestemt innan kort tid. Har tipsa UL Samhald om evt å flytte dansen til denne helga.
Sak 5. Planlegging av årsmøte. Dato: 15. februar kl. 18 på Flem skule. Valnemnda har fått beskjed. (Lidvar kontaktar valnemnda.) Kvar arbeidsgruppe må ha eit møte og finne leiar og nestleiar (som godkjennast av årsmøtet) og lage eit kort årsreferat som leverast til Tanja innan 8. februar. Tanja skriv årsmelding og ordnar plakat. Annonsering/plakat 3 veker før.
Sak 6. Saker som kjem til.
- Næringskonferanse på ID-huset den 14. februar. (Lidvar Rogne og Knut G. Flem stiller frå Øyrådet.) Øyrådet dekkjer kursavgift. (Lidvar bestiller billettar).
Neste møte: onsdag 8. februar kl. 18.
Skrivar: Tanja Otterlei