Referat frå styremøte i Øyrådet 11.02.16
Start kl. 19.30- slutt kl.21.00
Til stades: Lidvar Rogne, Mette Krogsæter, Joar Haram, Gjertrud Longva, Knut G. Flem, Johan Longvanes, Tanja Otterlei, Arnfinn Flem.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte ( Tanja). Ut frå det som sto på saklista sist, kan vi konkludere med at Folkemøtet 26/1 gjekk veldig bra. Marianne Nærø var svært dyktig, og Gert Rietman frå Placement gjorde eit bra inntrykk. Besøk frå NRK Nomino var ei positiv oppleving. Konklusjonen er at vi er ei eksklusiv øy med mange namn, kanskje er dette eit «varemerke» som kan og bør brukast. Elles er saker frå referatet nemnt i eigne saker også i dagens møte.
Sak 2. Planlegging av årsmøte tysdag 23/2 .
- Rekneskapen vart presentert. (blir sendt ut på epost til resten av styret.)
- Årsmelding. Tanja skriv årsmelding for styret, og flettar inn innkomne statusar frå arbeidsgruppene.
- Val. Dei ulike gruppene har valt leiar og nestleiar. Valkomiteen må orienterast dersom ein treng hjelp til å finne personar utanfrå. (Sjå elles instruks for valnemnda.)
- Plakat for årsmøtet har blitt laga og hengt opp. (+ annonsering på FB)
- I tillegg lagast det eit flygeblad som blir sendt ut helga før årsmøtet, med litt meir utfyllande info om arbeidet i øyrådet, og oppmoding om å bli medlem. (Tanja/Knut m.fl.)
- Servering: Gerd/Mette lagar brettkaker. Lidvar kokar kaffi. (Hugs pappbeger)
c
Sak 3. Eventuelt nytt frå arbeidsgruppene: Dei fleste gruppene har hatt møte, og har sendt ei kort «årsmelding» til leiar for Øyrådet, der ein oppsummerer status. Blir brukt som grunnlag for skriving av årsmelding.
Sak 4. Postutkøyring på øya vår/ Post i butikk. Står vi i fare for å miste tilbodet om utkøyring av pakkar? Lidvar vil høyre med Posten Norge og med Coop Marknad for å innhente fakta om kva som er mulig å få til.
Sak 5. Kvileheim saka- status. Ei lokal gruppe er oppretta: Karianne Urke, Jarl Inge Haram, Reidunn Mehring, Rita Kvinge, Lidvar Rogne. Jarl-Inge sit også i ad-hoc gruppa i kommunestyret.
Brukargruppe skal også opprettast (Julianne , kommunestyret.)
Sak 6. Eventuelt.
- Medlemsskap i øyrådet. Endre vedteketene, slik at alle som har adresse på øya automatisk er medlem? Vedtak: Dette må avvente og behandlast skikkeleg før neste årsmøte (2017).
- Vårfesten 5/3. Arrangementskomite: Lidvar (mat), Gjertrud (praktisk), Knut (musikk). Trond lagar plakat.