Referat frå styremøte i Øyrådet 14.08.18
Ekstraordinært styremøte tysdag 14. august 2018 kl. 20.00 på skulen.
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Bjørn Longva, Olav Skarstein, Ewa Piasecka, Jan Arne Longva og Knut Flem.
Sak: Dronefilming for Nordøyvegen
Bakgrunnen for møtet var eit tilbod om dronefilming på øyane for å promotere Nordøyvegen frå ein folkeleg ståstad (film frå næringslivet si side er alt laga). Tilbodet kom til Øyrådet v/Uwe via Tommas Brugrand på Rolls-Royce frå leiaren i Haram Nærings- og Innovasjonsforum, Henrik D. Vedde. Filminga er gratis for Øyrådet.
Møtet diskuterte kva tema og opplegg som kunne vere aktuelt for ein slik filmsnutt eller to, og samla seg om to tema:
- Kva skjer med ferjedrifta dersom Nordøyvegen ikkje vert bygd – få fram at ferjene no går på dispensasjon og må fornyast og oppgraderast straks Nordøyvegen evt. vert skrinlagt, at miljøkrav kjem inn i bildet, fornying av ferjekaier osv. Stille spørsmål om kva kostnader dette vil innebere for fylkeskommunen.
- Beredskap – peike på kor tidkrevande det er å få politi og andre nødetatar ut på øyane, og å kome seg til legevakt eller anna hjelp når uhell og ulykker inntreff. Eventuelt også legge inn kor mykje dødtid som går med på venting på ferja etc. og problem som kan oppstå t.d. med vidare reise dersom ferja er forsinka eller ein blir ståande att på kaia.
Uwe tek leiinga i prosjektet på Øyrådet si side og kontaktar HNI/dronefilmaren for å diskutere tema og opplegg. Han tek også kontakt med Anne Breiby og Kenneth Ulla for å høyre om Lepsøya og Haramsøya vil delta.
Møtet slutt kl. 21.15
Skrivar: Knut Flem