Referat frå styremøte i Øyrådet 16.01.19
Onsdag 16. januar 2019 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset.
Til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Jan Arne Longva, Olav Skarstein, Bjørn Longva, Grete Vindsnes, Ewa Piasecka og Knut Flem.
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2. Gjennomgang av referat frå siste møte
Ingen merknader. Referat godkjent.
Sak 3. Status/rapport frå gruppene
Infogruppa
Facebook og nettsida fungerer bra. Storparten av stoffet på nettsida kjem frå Olav. Andreas rapporterer om skralt sal av T-skjorter. Trond jobbar saman med Christian og Skulebugruppa for å få på plass vindmølle på Skulebua for straumforsyning til webkamera m.m.
Økonomigruppa
Rekneskapet for 2018 er ferdig. Står att å få det revidert.
Trivselsgruppa
Har søkt om kommunale pengar til utbetring av Midtrimvegen. Kommunen har 1,5 mill. kroner på budsjettet som skal gå til utbetring av kommunale eigedomar i samarbeid med frivillige lag. Elles ingen aktivitetar planlagt så langt.
Bustadgruppa
Gruppa ved Jan Arne representerte Øyrådet med stand på romjulsturneringa i fotball i Nordøyhallen 28.12.2018. Der vart det mellom anna informert om arealplanen, og bra med folk og god respons. Arealplanen ligg no ute til gjennomsyn til ca. 15. februar. Folk kan kome med innspel framleis.
Sak 4. Årsmøte
- Årsmøtet skal avviklast onsdag 20. februar kl. 19.00. Møtestad: musikkrommet på skulen.
- Gruppene må føreta val av leiar og nestleiar og melde resultatet til Knut. Frist: 30. januar. Legg også ved liste over alle medlemane.
- Gruppene må levere årsmelding (kort og konsis!) til Knut innan 30. januar.
- Knut syr saman årsmelding for Øyrådet og gir beskjed til valnemnda.
- Rekneskapen må reviderast.
- Plakat om årsmøte med sakliste og frist for innmelding av forslag til saker til årsmøtet skal hengast opp på butikken og publiserast på nettsidene seinast 30. januar.
- Endeleg sakliste, årsmelding og rekneskap skal kunngjerast seinast ei veke før årsmøtet.
Sak 5: Breiband
Uwe orienterte om stoda for fiberkabel. Han vil jobbe vidare med saka og vil søkje samarbeid med andre interessentar og grupperingar for å få til eit best mogleg resultat for øyane. Målet er at alle som bur på øyane, også dei i ytterkantane, skal få fullgodt breiband med fiberkabel.
Sak 6. Haramskonferansen 2019
Jan Arne og/eller Uwe reiser på konferansen. Dei blir einige seg imellom kven som reiser.
Sak 7. Friskusmøte 29. januar
Grete og Karianne melder seg på og reiser på møtet.
Sak 8. Felles fyrverkeri
Det har kome inn eit forslag/spørsmål om Øyrådet kan ta iniativ til felles fyrvekeri på øya komande nyttårsaftan. Etter noko diskusjon vart det bestemt at saka vert sendt vidare til trivselsgruppa.
Neste møte: onsdag 6. februar kl. 20.00.
Møtet slutt kl. 21.45.
Skrivar: Knut Flem