Referat frå styremøte i Øyrådet 18.05.16
Stad: Flem skule. Start kl. 18.00- slutt kl. 20.00.
Desse møtte: Lidvar Rogne, Mette Krogsæter, Joar Haram, Knut G. Flem, Gjertrud Longva, Tanja Otterlei, Bjørn Longva.
Sak 1. Konstituering
– Lidvar Rogne vart valt til leiar.
– Mette Krogsæter vart valt til nestleiar.
– Tanja Mjøs Otterlei vart valt til skrivar.
Oversikt over styremedlemene frå dei ulike gruppene:
Arbeidsgruppe: | Leiar for gruppa/ Styremedlem: | Nestleiar for gruppa/ med møterett til styret. |
Tilflytting: | Mette Krogsæter | Severin Elias Longva |
Bustad: | Joar Haram | Gjertrud Longva |
Økonomi: | Bjørn Longva | Knut G.Flem |
Trivsel: | Gjertrud Longva | Grete Vindsnes |
Informasjon: | Tanja Otterlei | Trond Ravnestad |
Arbeid og næring: | Knut G. Flem | Birgit Oline Kjerstad |
Sak 2. Status Kvileheimssaka.
Øyrådet v/ Mette Krogsæter og Lidvar Rogne har sendt brev til kommunen og uttalt seg om kvileheimssaka. Onsdag 25/6 kl 13.00 skal det kommunale ad-hoc utvalet på synfaring/møte på Kvileheimen. Øyrådet vil møte opp med eit par representantar for å fremje sitt syn (Mette K. og Knut G.F). Ein må prøve å få til eit tilbod med døgnbemanna omsorgsbustader. Lidvar tek kontakt med leiar i ad-hoc utvalet, Cine Finstad Austnes, for å avtale nærmare.
Sak 3: Rydding av sitka-gran.
Knut G. Flem har fått ei henvending frå Fjørtoft Skogryddingslag. Dei er i kontakt med eit firma som fjerner skog/tre vederlagsfritt dersom det er opp ei eit visst kvantum.
Rette adressaten her vil vere Grunneigarlaget, Knut tek kontakt med dei. Øyrådet kan vere behjelpelig med å spreie informasjon viss det er ønskeleg.
Sak 4: Haustfest?
Øyrådet vil gjerne arrangere «Haustfest» med mat og dans. Forslag til dato: 15.oktober. Stad: Gunnabuda. Knut G. Flem sender inn dato til Samarbeidsutvalet.
Leiar (Lidvar) kontaktar også UL Samhald for å høyre om det kan vere mogleg å arrangere eit diskotek for ungdom mellom 13-18 år, i løpet av hausten.
Sak 5: Status Skulebua.
Skulebua skal opp i løpet av sommaren. Salet av andelar går godt, ein har som mål å få inn 90.000 kr.
Innspel frå Styret: Det bør sjekkast om Skulebua kan forsikrast.
Sak 6. Nytt frå arbeidsgruppene.
Mediagruppa: Det er oppretta ein «blogg» på nettsida til Nordoy.net med aktuelle saker. Her er det meininga at alle i mediagruppa bidreg med artiklar etter kvart.
Det er også oppretta «engelsk versjon» av nettsida, men her står det att å omsetje ein god del.
Mediagruppa tek sikte på å ha eit møte før sommaren for å fordele arbeidsoppgåver.
Tilflytting: Har fått henvending frå Placement om å lage eit informasjonsskriv med bilete av kontaktpersonar på øya. Det har vore ein familie frå Nederland på besøk på øya (men kun i privat regi).
Trivselgruppa arrangerte opningsfest for den nye skuleplassen 29/4.
Nye grillar er kjøpt inn av Øyrådet. Desse blir til utleige (kr 200 pr stk)
Arrangørane av «Havgaprock» (9. juli) har vore i kontakt med Gjertrud for leige av grillar og spørsmål om vakthald. Innspel frå styret: Kan aldersgrensa for arrangementet senkast frå 18 til 15 år? (Gjertrud tek kontakt angåande dette).
Det er elles mange gode idear å ta fatt på innan trivselegruppa, og det ligg også fleire i «Forslagskassa» på Nordoy.net.
Bustadgruppa: Ingen saker. (Ventar på at arbeidet med kommunal arealplan kjem i gang.)
Næringsgruppa: Hadde møte 3/5. Er i ferd med å registrere eksisterande arbeidsplassar og har hatt brainstorming om nye næringsmuligheiter på øyane. (Sjå møtereferatet på nordoy.net for detaljar).
Næringsgruppa planlegg eit dagsseminar/ettermiddag om næringsmuligheiter i marin sektor (i midten/slutten av september). Hyre inn foredragshaldarar og koble opp mot praktiske døme på kva folk har fått til. Satsar på eit møte som er ope for alle, men også viktig å invitere/involvere folk med kompetanse på området som har tilknyting til øyane.
Ei komande oppgåve blir også arbeid med arealplan, som begynner etter sommaren. Viktig å oppmode folk om å møte opp og orientere seg når kommunen skal ha det første informasjonsmøtet om dette i haust.
Økonomi-gruppa: er i ferd med å få inn medlemskontingentar. Lagar register over medlemer.
Skulebua har no eigen konto. Salet av andelar går bra.
Placement skal det også opprettast eigen konto for.
Styrevedtak: Lidvar Rogne og Bjørn Longva blir gitt signaturrett frå styret.
Skrivar: Tanja Otterlei