Referat frå styremøte i Øyrådet 19.07.18
Torsdag 19. juli 2018 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Karoline U. Øines, Olav Skarstein, Joar Haram og Knut Flem.
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2: Fråsegn om Nordøyvegen
I høve den nye situasjonen for Nordøyvegen som oppstod då anboda på hovudentreprisen viste seg å overstige kalkylen med 800 milllionar kroner, vart det innkalla til styremøte for å drøfte stoda med sikte på å utarbeide ei fråsegn til dei som har makt og innflytelse over lagnaden til prosjektet.
Med utgangspunkt i eit utkast som Knut la fram, vart det utforma ei fråsegn med vekt på å nytte maksimal bompengeperiode for å hjelpe på finansieringa. Vidare er det nemnt at pengane i den vedtekne finansieringa ikkje kan brukast til andre ting enn Nordøyvegen, og at sambandet er ein føresetnad for å kunne realisere effektiviseringsgevinsten som skipinga av Nye Ålesund kommune skulle gi. Det vert òg stilt spørsmål om det er rimeleg at fylket skal ta heile belastninga/risikoen med å finansiere eit prosjekt som vil spare staten for framtidige kostnader.
Sak 3: Orienteringssaker
1) Det manglar enno innmelding av timar i høve prosjekt Bygdemobilisering frå informasjonsgruppa og næring/tilflytting.
2) Vi har motteke kr 50.752 i momskompensasjon i høve bygginga av Skulebua.
3) Avtale for kafébygg v/Coop-butikken ligg føre, signert av representantar for Coop Orkla Møre, Coop Marked Longva og Øyrådet for Flemsøy/Skuløy.
Møtet slutt kl. 21.45
Skrivar: Knut Flem