Referat frå styremøte i Øyrådet
Tysdag 17. oktober 2018 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset.
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Jan Arne Longva, Ewa Piasecka og Knut Flem.
Forfall: Grete Vindsnes og Bjørn Longva
Trond Ravnestad var til stades for å orientere om stoda i webkamera-/verstasjon-prosjektet.
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2. Status/rapport frå gruppene
Økonomigruppa
Rolls-Royce har betalt inn kr 5000 i sponsormidlar på webkameraprosjektet.
Frå grunneigarlaget er det kome inn på konto kr 35.000 som skal gå til utbetring av Midtrimvegen.
Næring og tilflytting
Nokre hollendarar har teke kontakt via nettsida til Placement, utan at det har skjedd noko meir. Uwe følgjer opp saka om fiberkabel overfor fellesnemnda for Nye Ålesund.
Bustadgruppa
Arealplanen er snart klar til å leggast ut til offentleg ettersyn. Det skjer ca. månadsskiftet oktober/november og den skal ligge ute i seks veker. I løpet av den perioden vil kommunen halde orienteringsmøte om planen (truleg på Haramsøya for vår del), der det også er mogleg å kome med innspel.
Trivselsgruppa
var engasjert i eldrefesten som gjekk av stabelen på Nordøy Grendahus 6. oktober.
Sak 3. Friskus – kven reiser på kurs?
«Friskus er ein digital oppdrags- og arrangementskalender kor innbyggjarane får ei oversikt over aktivitetar i lokalmiljøet, samt frivillige oppdrag som den enkelte kan melde seg på. Det er ein felles plattform som gjer det enkelt for innbyggjarar å finne ting ein kan delta på og bidra med i kommunen.»
Jan Arne reiser på informasjonsmøte 1. november kl. 18.30-21.00 i storsalen på ID-huset.
Sak 4. Pengar til vindmølle for straum til Skulebua
Vinterhalvåret greier ikkje solcellepanelet å skaffe nok straum til å lade batteria som driv webkamera- og verstasjon-opplegget. Det er difor naudsynt å skaffe ei straumkjelde for å supplere i den mørke årstida.
Vedtak samrøystes: Webkamera-gruppa v/Trond Ravnestad får fullmakt til å bruke inntil kr 15.000 for å få på plass ei straumkjelde som tilfredsstiller behovet. For ei dyrare løysing må saka tilbake til styret.
Under eventuelt:
Webkamera og vêrstasjon med tilhøyrande utstyr må forsikrast. Knut kontaktar selskapet der Skulebua er forsikra og sonderer muligheita for å kople det tekniske utstyret på same forsikringa. Det må settast opp ein verdi på utstyret som grunnlag for forsikringa.
Møtet slutt kl. 21.10. Neste møte vert onsdag 21. november kl. 20.00.
Referent: Knut Flem