Referat frå styremøte i Øyrådet 21.03.18
Tid og stad: onsdag 21. mars 2018 kl. 18.30 i vestibylen
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, nestleiar i styret og leiar for Nærings- og tilflyttingsgruppa, Jan Arne Longva, leiar i Bustadgruppa, Ewa Piasecka, leiar i Informasjonsgruppa, Grete Vindsnes, leiar i Trivselsgruppa og Knut Flem, nestleiar i Økonomigruppa.
Forfall: Bjørn Longva, leiar i Økonomigruppa
Sak 1: Konstituering
Val av nestleiar: Uwe Kleinhans
Val av skrivar: Knut Flem
Sak 2: Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast snarast mogleg etter påske for å velje ny styreleiar. Over telefon lovde leiar i valnemnda, Roy Kolseth, å starte arbeidet med å finne leiarkandidat umiddelbart. Tips på potensielle kandidatar kan gjerne sendast til Roy.
Sak 3: Kommunikasjon i styret
Vedtak: styret brukar primært Facebook-gruppa for styret til intern kommunikasjon. Denne gruppa eksisterer, med Tanja Otterlei som administrator. Ewa tek over som administrator for gruppa, og kontaktar Tanja for å ordne dette. Ewa legg også inn dei nye i styret inklusive nye varafolk, og fjernar dei gamle som ikkje skal vere der lenger.
Møtereferat skal framleis leggast ut på Øyrådet si nettside og gjerne også på Facebook-sida.
Sak 4: Status i gruppene
Nærings- og tilflyttingsgruppa: ingen aktivitet. Aktuelle tema: 1) Meir kontakt med utflytta folk. 2) Innhente informasjon frå kommunen om breibandmuligheiter (fiberkabel).
Bustadgruppa: ingen aktivitet sidan sist. Gruppa har jobba med den nye arealplanen. Jan Arne opplyste at kommunen vil halde eit orienteringsmøte om planen her på øyane til våren eller sommaren.
Informasjonsgruppa: ingen aktivitet.
Trivselsgruppa: arrangerer vårfest laurdag 14. april. Koldtbord og dans med Nordøyane Storband. Minimum påmelding 80 personar. Dugnadsliste er utsendt til medlemene i Øyrådet. Plakat skal opp før påske. Kafébygget ved Coop Marked har fått byggeløyve. Byggegruppa for kaféen må avklare spørsmål rundt eigedomsforhold, drift av kaféen, finansiering/økonomi m.m. og orientere styret.
Økonomigruppa: ingen aktivitet. Ei oppsummering av Bygdemobiliserings-prosjektet følgjer vedlagt og vil bli diskutert på neste styremøte.
Møtet slutt kl. 20.00.
Skrivar: Knut Flem