Referat frå styremøte i Øyrådet 21.11.2018
Onsdag 21. november 2018 kl. 20.00 i vestibylen på grendahuset.
Desse var til stades: Uwe Kleinhans, Karianne Urke, Jan Arne Longva, Olav Skarstein, Bjørn Longva og Knut Flem.
Forfall: Grete Vindsnes og Ewa Piasecka
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.
Sak 2. Status/rapport frå gruppene
Bustadgruppa
Den nye arealplanen er straks klar til å leggast ut til offentleg ettersyn. Det einaste som manglar no er eit par kart. Så snart dette er ordna, vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det skjer i byrjinga av desember. I løpet av seks-vekers-perioden vil kommunen halde orienteringsmøte om planen (truleg på Haramsøya for vår del), der det også er mogleg å kome med innspel.
Dei andre gruppene hadde ikkje noko nytt å melde.
Sak 3. Spørsmål om å plassere ut søppelbøtter
Ein hundeeigar saknar søppelbøtter på øya til å legge hundeskiten i når dei er ute på tur, og spør om Øyrådet kan gjere noko med det. Å setje ut mange nok søppelbøtter til å dekkje behovet for heile øya vil medføre ein relativt stor kostnad, men største problemet er at her ikkje er noko apparat til å få tømt bøttene regelmessig. Øyrådet vil difor ikkje gjere noko med denne saka.
Sak 4: Dato for årsmøte
Årsmøtet 2019 vert lagt til onsdag 20. februar på musikkrommet på skulen.
Under eventuelt:
1) Forslag om å aksjonere i høve møte i fylkesutvalet måndag 26. november, der m.a. Nordøyvegen skal opp som sak:
a) Organisere tur til Molde for å vere til stades på møtet når Nordøyvegen skal behandlast.
b) Lage eit skriv med argumentasjon for Nordøyvegen som vert sendt til alle representantane i fylkesutvalet og eventuelt til aviser.
I tillegg skal videosnuttane som er laga tidlegare leggast ut på nytt med oppmoding om mest mogleg deling.
2) Forsikring av webkamera og vêrstasjon med tilbehør. Vi har fått pris på forsikring i tilknyting til forsikringa på Skulebua, og det vart bestemt å ta ved denne. Eigenandelen var noko høg, så vi spør om pris på lågare eigendel.
Møtet slutt kl. 21.15.
Neste styremøte vert onsdag 16. januar 2019 kl. 20.00.
Skrivar: Knut Flem