Referat frå styremøte i Øyrådet onsdag 22.november 2017
Desse møtte:
Uwe Kleinhans, Jan Arne Longva, Knut G. Flem, Bjørn Longva, Gjertrud Longva, Tanja M. Otterlei.
Sak 1. Økonomi:
- Det vart orientert om noverande økonomi. Driftskontoen har ca. 90.000 og Skulebu-kontoen har ca. 12.000 pr. d.d. Det er søkt om spelemidlar, ca. 300.000 som er under behandling. Det er også søkt om momskompensasjon, ca. 25.000.
- Det er laga oversyn over innbetalingar av t-skjorter, dei som ikkje har betalt vil få giro levert saman med t-skjortene.
- Det er skaffa sponsorar til web-kamera på skulebua.
- Ny skorstein til skulebua måtte kjøpast inn. (Den opprinnelege var ikkje eigna.)
- Det vart eit lite underskot på siste helikoptertur (Skulebu-tur for «turistar»).
- Når det gjeld status på midlar frå bygdemobilisering vil det bli laga eit oversyn over dette til neste styremøte. (Framdriftsplan og overyn over kva midlane kan brukast til.)
Sak 2: Coop-tilbygg:
Det er innhenta tilbod frå NL Austnes. Oppsetting blir på dugnad. Bjørn Longva vil kontakte kommunen for å avklare ansvarsrett på bygging. Coop søkjer byggeløyve når dette er avklart. Ein må også sjå nærmare på finansiering, Coop-fond o.l. Dette må avklarast nærmare før vedtak om bygging blir fatta.
Sak 3: – Skulebua. Det er kjøpt inn web-kamera. Verstasjon skal også kjøpast inn. Det er avtalt sponsing frå diverse bedrifter på ca 67.000 kr. Det har ikkje blitt oppretta ny nemnd for Skulebua enno. Noverande nemnd vil ta seg av å kontakte aktuelle personar.
Sak 4: Bustadgruppa. Jan Arne stilte som representant frå Øyrådet på eit møte med kommunen den 25.okober. Tema for møtet var friluftsområde i ny arealplan. Christian Rønning stilte for NIL. Dei ga opplysningar og innspel om kva område som er aktuelle for fritidsformål no og i framtida.
Sak 5: Tilflytting. Ingen nye saker sidan sist. Sak til årsmøtet: Slå saman tilflyttingsgruppa og næringsgruppa.
Sak 6: Mediagruppa: T-skjorter blir bestilt denne veka. Levering før jul. Vi har fått oversikt over kven som har betalt, og legg ved giroar med varene til dei som ikkje har betalt.
Sak 7: Trivselgruppa: Det er booka inn ein dans på NG med Storbandet den 14. april. Det er planlagt koldtbord til servering. Trivselgruppa organiserer innkjøp og dugnad kring dette.
Sak 8: Årsmøtedato vart satt til 28.februar. Uwe kontaktar valkomiteen. Alle gruppene i øyrådet må halde møte innan utgangen av januar for å avklare kven som sit vidare i gruppene. Val av leiar, nestleiar og sekretær for kvar gruppe. Leiar for kvar gruppe blir med i styret. Valkomiteen har i oppgåve å finne leiar for styret, og elles leiar for gruppene viss dei ikkje finn leiar sjølv.
Neste styremøte blir medio januar. Leiar finn dato og kallar inn.
Longva 23/11-17 Tanja Otterlei