Referat frå styremøte i Øyrådet 25.06.15
Møtestad: Flem skule. Start kl. 19.00 Slutt kl. 21.15.
Medlemmer til stades:
Birgit Kjerstad, Lidvar Rogne, Joar Haram, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Mette Krogsæther, Arnfinn Flem. Forfall: Bjørn Longva (vara: Knut G. Flem)
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte. OK.
Sak 2. Prosjekt bygdemobilisering – Status og arbeidet vidare.
Midlar frå Fylkesamnnen kr. 225.000 over 3 år. Kan få utbetalt pengar etter kvart som ein jobbar for det. Størrelsen på heile prosjektet er 630.000. NB! Det er viktig med føring av dugnadstimar, då dette er størsteparten av eigeninnsatsen i prosjektet. (Sjå sak 7 om føring av timar.) Bygdemobilisering kan berre brukast til «mjuke investeringar» som møter, planlegging, kartlegging, studieturar, kompetansebygging/kurs. Sekretariat, førebuing til møte, arbeidskostnader til sekretariat.
Sjå nettsida www.nordoy.net for nærmare info om prosjektet.
Sak 3. Stand på HANO dagar 5.-6.september, status og arbeid vidare.
Stand med Hano er tinga. Dei andre øyane er invitert. Lepsøy bygdeutval stiller i ei eller anna form. Viktig å få med fleire, reknar med at Haramsøya stiller på ein eller anna måte.
Styret i Øyrådet vil stå for samordninga til standen. Tittel på standen: «Nordøyane».
Kvifor er vi der? Kva vil vi ha utav det? Viktig med eit felles fokus på tvers av øyane, få fram at det skjer mykje positivt på øyane, men også presentere oss sjølve og det vi driv med i Øyrådet. Synleggjere oss for folk, vise at ein ynskjer samarbeid. Må få med oss alle. Vi skaper framtida saman. Ein god plass å bu.
Lidvar tek kontakt med Nordøyvegen og Hopp-id kontoret for å høyre om dei kan bidra i ei eller anna form i løpet av Hano-dagane, på standen eller frå scena. (Må vel også kontakte arrangøren viss dette blir aktuelt.)
Idear som har kome fram i samband med standen på Hano-dagane:
– Tilflyttargruppa: 196 namn i aktuell aldersgruppe står på liste. (Begge øyane.) Styret seiet ja til ideen om å tilby ein dag gratis på Hano-dagane, sponsa av Øyrådet. Invitasjonar vil bli sendt ut pr mail.
– Frå Infogruppa kan det vere aktuelt å bruke heimesida, til dømes for å vise bilete/slideshow, eller andre ting som kart over ledige bustadtomter. Vi vil òg lage ei lita brosjyre om Øyrådet og aktiviteten her – litt informasjon i forkant av HaNo-dagane som kan delast ut på ferje, båt og butikkar. (Ewa og Olav lagar brosjyre.) T-skjorte med logo vart også nemnt.
Forslag til styremøte/førebuing til Hano-dagar: torsdag 6.august kl. 19 på Flem skule.
Sak 4. Status frå arbeidsgruppene.
Arbeid/Næring: Studieplan/kurs om bygdeutvikling til hausten. (ope for alle.) Har diskutert kva muligheiter som ligg i framtidig næring frå sjø og på land, havbruksnæring m.m. Evt sudietur til Ås.
Besøk frå Inger Synnøve Remme; fortalde om Hoppid og kva dei kan bidra med i høve til nye idear til næring og arbeid. Tek initiativ til eit informasjonsmøte om ny arealplan. (Sjå referat som ligg ute.)
Media: Vidareutvikling av nettside og FB-side er fast tema på kvart møte. Logo, brevmalar og mal for møtereferat er utarbeida. Ein har planar om å utarbeide ei turistbrosjyre. Infobrosjyre om Øyrådet til bruk under Hano-dagane vil bli utarbeida. Ein undersøker også kostnad på trykking av t-skjorter med logo.
Tilflytting: Skal sende ut invitasjon til Hano dagane til ei aktuell gruppe utflytta øyingar.
Dagskurs med Placement til hausten? Invitasjon til dei andre øyane om å delta.
Økonomi:
99 betalande medlemmer. Har kome inn litt pengar til skulebua.
Har hatt møte med kommunen angåande innkjøp av leikeapparat: 156.000. (utan moms). Ein avtale mellom HK og øyrådet om ansvarsforhold i prosjektet er utarbeida.
Bustad: Har fått god oversikt over tomter, kommunale og private. Oversyn over utleigeleiligheter er under utarbeiding. Eventuelt nye oppdrag for bustad-gruppa: småbåtplassar, naust. Fritidsbustader. Arbeid med arealplan.
Trivselsgruppa: Kafé på barnehagen var vellukka. Godt egna plass.
Ynskjer orienteringsmøte om kvileheimen. (Lidvar sender forespørsel til kommunen v/ ordførar)
Oppretting av frivillighetsgruppe for Kvileheimen. (Trivselstiltak for dei eldre.)
Idé om at ein skal lage det litt finare rundt omkring, området ved butikken, ved bedehuset. Longva kai. M.m.
Sak 5. Naudaggregat på Kvileheim. Skulla hatt ei enklare løysing på start av aggregatet. Lidvar sjekkar med RR om det er nokon som kan stå for arbeidet. Evt kostnader dekt av kommunen?
Sak 6. Folkemøte om kommunal arealplan.
Det vil bli laga eit slikt møte etter ferien. Førebuing til arealplanlegging. Birgit Kjerstad vil høyre med Inger Synnøver Remme om det er funne ein dato for møtet.
Sak 7. Forslag til diverse malar.
(Dugnads timar, Møtereferat, Brev mal) Gjennomgang av desse. Dugnadstimar: Viktig å rapportere til leiar for gruppene, som igjen fører på excel ark. Viktig for utløysinga av midlar som er søkt på. (Kvar enkelt må ta ansvar for sine timar og rapportere det til leiar for gruppa.) Det må presiserast kva dugnad det er snakk om.
Vedtak: Kvar enkelt held styr på sine eigne dugnadstimar og rapporterer til leiar.
Leiar for kvar gruppe kan gjerne sende excel-mal til heile gruppa dersom nokon vil bruke dette for å ha eit oversyn på eigne timar.
Eventuelt:
«Sekretariat.» Knut G. Flem vil gjerne ha med seg fleire. Mette Krogsæter og Tanja Otterlei stiller som medhjelparar. Vald av styret.
Neste styremøte i øyrådet vert torsdag 6.august kl. 19 på Flem skule. Tema: Planlegging av stand på Hano-dagar. (Dette er eit ekstra møte i forhold til det som står i møteplanen.)
Referent: Tanja Mjøs Otterlei