Referat frå styremøte i Øyrådet 29.03.16
Stad: Flem skule. Start kl. 19.00 – slutt kl. 20.30.
Desse møtte: Lidvar Rogne, Mette Krogsæter, Joar Haram, Knut G. Flem, Gjertrud Longva, Tanja Otterlei, Arnfinn Flem, Birgit Kjerstad.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte ( Tanja)
-Referat frå årsmøtet vart gjennomgått. Sjå sak 4 angåande val og ekstraordinært årsmøte.
Sak 2. Gjennomgang av Vårfesten – Resultat. Billettar: 112 personar. Sum netto inntekter: ca. 8000 kr.
Vellykka arrangement. God musikk og god mat. Blanda alder, men kanskje mest for dei eldre.
Kom litt seint i gang med å arrangere, betre tid til å førebu, involvere fleire i førebuinga/gjennomføringa. Burde satt opp budsjett i forkant. Kiosk var ikkje nødvendig.
Kan vurdere å gjenta dette ved ei seinare anledning. Positivt!
(Knut vil undersøke om ein bør/kan notere dugnadstimar til dette trivselstiltaket, opp mot prosjektet bygdemobilisering.)
Sak 3. Eventuelt nytt frå arbeidsgruppene.
Ingen møter i arbeidsgruppene sidan årsmøtet.
Sak 4. Nytt frå valnemnda.
Ekstraordinært årsmøte, dato: tysdag 19.april kl. 19 på Flem skule. (Tanja lagar plakat.)
Saker: Val + idemyldring. Idear til emne: Trivsel, samarbeid, ungdommar, tilflytting…?
Førebuingsmøte+ lett servering. (Mette tek ansvar for å førebu idemyldring + noko å bite i.)
Val:
a) Lidvar Rogne- stiller vidare som leiarkandidat.
b) Knut G. Flem: stiller som leiarkandidat for næringsgruppa. Nestleiar må også veljast. Knut ynskjer å fortsette med å arbeide med nettstaden, og kan gjerne vere «redaktør» for denne, men søkjer fritak frå direkte deltaking informasjonsgruppa.
Birgit kallar inn til møte i næringsgruppa for å velje leiar og nestleiar (12/4 kl.19)
c) Leiar for trivselsgruppa står att å finne. Valnemnda jobbar vidare med dette.
d) Valnemnda ynskjer ny leiar, blir avgjort innan gruppa.
- Få fram at ein ynskjer fleire folk i arbeidet med øyrådet. Prøve å rekruttere direkte ved å spørje folk.
Sak 6. Eventuelt.
Birgit delte ut boka «10-punktsmodellen», ynskjer å ta oppatt ideen med studiering/kursing. Næringsgruppa tek ansvar for å arrangere dette. Styremedlemmene i Øyrådet er ei aktuell gruppe for slik kursing.
Skrivar: Tanja Otterlei