Styremøte i Øyrådet 3/10-2016
Stad og tid: Flem skule kl.19.30 – 21.15
Desse møtte:
Mette Krogsæter, Lidvar Rogne, Knut G. Flem, Tanja Otterlei, Gjertrud Longva, Joar Haram.
(Forfall: Bjørn Longva)
Saker:
1. Seminar om marin næringsutvikling 20/9-2016. Vellukka arrangement trass få deltakarar (ca 25). God pressedekning. Ein god start på å tenkje nytt om næringsutvikling for øyane/ området rundt. Det kan vere aktuelt å gjenta eit liknande seminar seinare.
2. Trivselsgruppa:
Ide om utbygging av butikken til mottak av «Mypack»/Postnord» og enkel «kafeavdeling». Øyrådet kan bidra med dugnadshjelp til eventuell utbygging. To brakker med toalett og «møteplass» på dagtid for eldre og unge. Økonomigruppa reknar prisar/ grov kostnadskalkyle. Har vore i dialog med Coop. (Coop sender eventuell byggesøknad.) Mypack må kontaktast for å høyre kor aktuelt det er med pakkeavdeling på Coop Longva.
Styrevedtak: Må ha konkret kostnadsoverslag på bygg av både brakker, og bygg av mur. Det må dannast ei arbeidsgruppe med prosjektleder for å finne utav ting meir konkret. (Trivselsgruppa tek initiativet vidare.)
Initiativ frå FAU ved Flem skule. Utbygging av utelys langs gangstien langs bana og ved uteområdet ved skulen. Søke kommuna på nytt, politisk behandling. Elektrikar har vore kontakta. Reknar på eksakte prisar.
Utbedring av akebakken ved skulen. Sprenging av stein og planering/graving. Eventuelt bygge voll over steinen.
Styrevedtak: Øyrådet kan garantere for 20.000 slik at arbeidet kan startast no i haust. Satsar på å arrangere kronerullling i regi av FAU.
3. Skulebua:
Vindauge og dør har kome på plass! Ein del arbeid kring jordskifte og matrikulering gjenstår. (Få frådelt tomta der hytta ligg, få papira og det formelle på plass, gards og bruksnr.) Tinglyst leigeavtale må ligge føre før ein kan søke spelemidlar.
Styrevedtak: Styret vil ha eit oversyn på rekneskapen for skulebua så langt. Legge dette fram for neste styremøte.
4. Tilflyttingsgruppa
er i dialog med nok ein familie med barn på 1 og 4 år. Har vidareformidla kontakt med familien som har flytta hit allereie.
Har kontakt med Placement med formidling. Barnefamiliar mest aktuelt. Har også hjelpt den tilflytta familien. Hadde eit møte med Rietmann i Tilflyttingsgruppa.
Vidare gang i dette? Norskkurs? (Ulempe at dei må til Brattvågen.)
5. Eventuelt:
- Forslag om gocartbane på Rognebana.
- Svar frå kommune, avslag på søknad om kulturmidlar.
- Nordøyvegen. Lidvar tek kontakt med styret i Nordøyvegen for å høyre om det er noko vi kan bidra med i den vidare prosessen. (Stille på møter o.l.?)
- Det blir tatt initiativ til eit møte om breiband på øyane.
,
6. Møteplan for styret:
Møteplan for styret i Øyrådet 2016-2017 ( Forslag)
Møtedag: ONSDAG. Møtestart kl. 1800 (om ikkje anna blir avtalt)
Lidvar sender ut påminning/innkalling i forkant av kvart møte.
02.11.16
07.12.16
11.01.17
08.02.17
08.03.17
05.04.17
10.05.17
07.06.17
05.07.17
30.08.17
27.09.17
25.10.17
22.11.17
Skrivar: Tanja Otterlei