Referat frå møte i Styret i Øyrådet 4/11-2015
Stad og tid: Flem skule 4/11-2015 kl. 19:00-21.30
Medlemer til stades:
Lidvar Rogne, Birgit Kjerstad, Johan Longvanes, Joar Haram, Gjertrud Longva, Mette Krogsæter, Tanja Otterlei, Arnfinn Flem, Knut G. Flem
Forfall: Bjørn Longva, Trond Ravnestad, Sigrid Rogne.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte ( Tanja)
Siste ordinære styremøte var 27/8 då det vart planlagt Hano-dagar. Etter det har det vore førebuing til Folkemøte om Kvileheimen 21/9. Sjølve folkemøtet vart arrangert 24/9.
Styret har også hatt møte med Placement (16/9), der det vart vedteke å signere ei to-års kontrakt med dei.
Sak 2. Prosjekt bygdemobilisering – Status. ( Knut)
Rapport er innsendt. Knut oppsummerte her kva som er utført/ er under planlegging.
Sjå vedlegg: «Utgreiing om aktivitet i Øyrådet – søknad om utbetaling av løyving»
Fått 88.000 utbetalt. (225.000 er søkt om.) 1224 dugnadstimar innrapportert.
Pass på å skrive «mjuke timar» (planlegging o.l.). Desse går inn under bygdemobilisering.
NB! Svært viktig at alle fører dugnadstimar på alt slags arbeid som blir gjort i forbindelse med øyrådet sine ulike aktivitetar. (Dugnadstimar for mai t.o.m. september er innrapportert.)
Arnfinn Flem, Birgit Kjerstad og Knut G. Flem deltok på eit seminar om Bygdemobilisering på Sekken den 24/9. Representant for Fylket deltok også. Fekk gode tilbakemeldingar på Øyrådet sitt arbeid.
Sak 3. Saker frå Tilflyttings gruppa: ( Mette)
a Busetting av flyktningar/ asylsøkarar?
Dette kan vere aktuelt når det gjeld barnefamiliar som har fått opphald, og som skal busettast i kommunen. 2-3 familiar kan vere overkomeleg under visse føresetnader.
Styret i Øyrådet meiner at ein gjerne kan ta kontakt med flyktningkonsulenten og melde si interesse for dette. (Mette tek kontakt pr. telefon i første omgang.).
Placement sin kompetanse om korleis ta imot og integrere er svært aktuelt inn mot dette.
b Initiativ mot fylket ang tannlege situasjon på øyane?
Det var utlyst ei tannlegestilling i fjor. Kva skjedde? Ikkje kvalifiserte søkjarar. Det kjem tannlege ein dag i veka for barn og eldre. Kombinert stilling Brattvåg/ Øyane kan vere aktuelt å lyse ut på nytt. Øyrådet kan evt hjelpe til med rekrutteringsprosessen via Placement.
Mette Krogsæter tek kontakt inn mot Fylket for å lufte denne muligheita.
C Generelt rundt ”Placement”. Samarbeidet er i gang. Det er lagt ut på nettet: http://www.norsk.nl/nl/ , og nokre familiar har tatt kontakt. Rørleggar, snekker, elektrikar; tilknytte desse til eit større firma? Vil gjerne ha med næringsgruppa på dette. Næringsgruppa får i oppdrag å kartlegge kva kompetanse/yrke som er aktuelle her på øyane.
Også attraktive bustader/eigedommar bør marknadsførast inn mot Placement.
Øyrådet vil undersøke nærmare status med Placement. Kva treng dei, kva blir gjort.
Folkemøte og/eller dagskurs på øya? Folkemøte er viktig for å informere, og halde oppe engasjement og entusiasme. Ynskjer gjerne fleire ungdommar involvert i øyrådet.
Rekningane frå Placement har begynt å kome, økonomigruppa ordnar dette.
Styret vil gå for eit Folkemøte med Placement som bidragsytar, i januar/februar. Deretter eit kurs/dagsseminar. (Lidvar finn datoar for dette.)
Sak 4. Status frå arbeidsgruppene.
Arbeid / Næring: Ikkje hatt møte sidan sist. Skal følgje opp saka om Placement. Treng å få opp arbeidstrykket i denne gruppa.
Bustadgruppa: Har no oversikt over tomter og ledige husvære. Har vore i kontakt med kommunen 8/9 ang rullering av arealplan. (Møte med Hege Gjøsund og Inger-Synnøve Remme). Arbeidet med arealplanen er stort. Det blir orienteringsmøte rundt i bygdene, også på øyane. Kommunen ynskjer innspel ang. regulering av areal til fritidsbustader, naust, rorbuer, bustadtomter m.m. Det er enno god tid til å kome med forslag. Fekk kart over verna område. Spurte om div søknadsprosessar. I dag er det lettare å skøyte frå ei tomt enn det var før. Men over to tomter er vansklegare. Turstien Støene – Nogva vart drøfta, og ein fekk innspel på denne frå kommunen. Bustadgruppa tok også opp dette med at det er folk som har blitt dårleg behandla når dei har blitt kontakta av kommunen. Dette tok dei til vitande.
Informasjon: Har laga turistbrosjyre. Laga banner til Hano-dgane. Har arbeidd med å lage utkast til T-skjorte for øya. Driv på med nettside og FB-side. Noko info bør også leggast til på engelsk. (Dette vil infogruppa jobbe vidare med.)
Tanja Otterlei og Birgit Kjerstad var i møte med kommunen og Lars Kobro den 9/9. Representantar frå alle Nordøyane var invitert. Tema for møtet var: «Korleis møter vi vegen.»
Møtet var organisert som ein workshop der ein jobba i grupper på tvers av øyane, og kom med idear til vidare samarbeid øyane imellom. Noko av det mest konkrete som kom fram var å opprette ei Facebookside der ein kan legge ut arrangement som er aktuell for alle på Nordøyane. Sida har namnet «Vi som vel oss Nordøyane.» Eit anna konkret forslag var å invitere til ei samling der ein arbeider vidare med ideane som kom fram i workshopen. Lepsøy ville gjerne stille som vertskap for ein slik samankomst.
Tilflytting: (Sjå sak 3)
Trivsel: Har kome i gang med ei frivillig-gruppe på Kvileheimen. Kvar tysdag frå 10-15. Turar for brukarane/ eldre frå begge øyane. (også dei som bur heime).
Var på Ullafyret 3/11. Simone frå Nederland er primus motor for Frivilliggruppa. Røde Kors er drivar av gruppa, noko som er praktisk ifht Forsikringsordningar og liknande. Det er laga aktivitetsplan for gruppa ut året. Treng fleire frivillige. Folder er laga av kommunen.
Økonomi: 151.000 på konto. (Men 45.000 til skulebuhytta av desse.)
Økonomigruppa har god oversikt over dugnadstimar, og kva som høyrer inn under dei ulike prosjekta av midlar. (Stort prosjekt med skuleplassen t.d.)
- Når det gjeld dei ulike gruppene i øyrådet kan det vere ein tanke om ein igjen skal kalle inn til plenumsmøte, og deretter gruppemøte, slik det vart gjort i starten. Nokre av gruppene kunne godt hatt fleire aktive deltakarar. Aktiv rekruttering må til.
Sak 5. Kvileheim..status og vegen vdare.
- Frivilliggruppe er oppretta.
-
Bra folkemøte. Klare signal. Ny ordførar er positiv, spele på lag. Distriktspolitikk. Kommuna er forplikta å ta eit vidare omsyn enn berre økonomi. Kommuna må ta ansvar for å bygge samfunnet her.
- Bør setje ned ei gruppe som må jobbe med dette. Kommunen har snakka om å opprette ei adhoc- gruppe. Fakta. Breitt samansett.
-
Leiar i Øyrådet tek kontakt med aktuelle personar for å opprette ei gruppe som kan arbeide vidare med Kvileheimssaka. Gruppa må setje seg godt inn i fakta kring saka og arbeide aktivt inn mot kommunen. Opprette konstruktivt dialog med kommunepolitikarane.
Sak 6: Status Skulebua.
Søknad om spelemidlar: Skulebua er ei såkalla «dagsturhytte», og slike hytter kan få tilskot av spelemidlane med inntil 50% av kostnaden. Når hytta er kostnadsrekna til kr 514.000, er dette gode pengar som er vel verdt å prøve å få tak i.
Søknad er sendt, men den manglar tinglyst leigeavtale av tomtegrunnen, som er eit krav for å få spelemidlar. På grunn av at plassen hytta skal stå er jordsameige, må saka gjennom ein prosess i jordskifteretten for at tinglysing av leigeavtalen kan bli gjort. Sjølv om dette kostar ca. kr 28.000 i gebyr, går vi for å gjennomføre saka i håp om å få spelemidlar.
Dersom søknaden blir godkjend vil vi få spelemidlar, men det kan ta fleire år før pengane kjem. I mellomtida må det skaffast pengar til innkjøp av material m.m.
Har fått byggeløyve, men grunnprosessen må gå sin gang. Kommunegodkjenning manglar men er antakeleg like rundt hjørnet.
Vedtak i styret: Samrøystes vedtatt.
Eventuelt:
-
Bør markere ei opning av ny skuleplass ein laurdag i løpet av vinteren.
- Øyrådet vil arrangere ein Bygdafest på nyåret med mat/musikk.(februar/mars) Lidvar tek kontakt med leiar i samarbeidsutvalet (Ingvild Haram), for å finne dato.
- Gruppene i øyrådet har instruksar. Kan vere greitt å revidere desse. «Sekretariatet» i øyrådet (Knut/Mette/Tanja) møtest for å revidere instruksane, slik dei er klar før årsmøtet i februar.
Neste møte i Øyrådet vert tysdag 24/11 kl.19.00.
Vedlegg til referatet:
«Utgreiing om aktivitet i Øyrådet – søknad om utbetaling av løyving»
Referent: Tanja Mjøs Otterlei