Syftesok med litt attåt
Longva Vel markerer Syftesok med grilling, quiz og bål, samt den uimotståande fjøra der land møter vatn. Vaksne, ungdom og born med grillmat og brus i veska, blide og i humør til å prate, kjem sigande medan grillane er i ferd med å få ”kvite” kolbrikettar! Ventar på mat!
Syftesok
Syftesok er ein gamal merkedag som vart feira 2. juli. (På Longva lånte ein den nærmaste fredagskveld, 29. juni). Namnet tyder ”Svithuns-vake”, med andre ord ”vakenatt for Svithun”. Syfte er også forklart med det å reinske. Men i religiøs tyding er det St. Svithun (800-862) som vert minna. Han var biskop i Winchester i England og skal m.a. ha vist stor barmhjartigheit med fattige og sjuke. Sidan dagen hadde lite å seie for Noreg, vart dagen stroken som helligdag i 1771. Men dagen vart likevel halden som ein viktig dag, det å syfte – ta bort ugras frå åkeren – måtte vere utført innan denne datoen. Det var og er viktig den dagen i dag.
Sosialt
For dei vaksne er nok det sosiale i lag med borna det viktigaste denne kvelden. Generasjonane er seg sjølv like også i år, dei yngste vert dregne mot vatn og dei vaksne mot grillane og ventande smaksopplevingar. Vatn er vatn, men mat er mat! Det skal seiast at praten gjekk livleg uavhengig av alder rundt borda. Det er veldig bra at alder – ung eller gamal – ikkje hindrar god kommunikasjon. Vi trur at mange kjenner kor viktig det er å prate med kvarandre. Fortelje noko nytt eller noko litt hemmeleg over bordet. Få ein ekte reaksjon. Dei fleste mobiltelefonane var ute av syne det meste av kvelden.
Severin Longva styrde quizen. Han laga ikkje mange enkle spørsmål – så dyktige konkurrentar måtte grave djupt ned i hjernebarken etter dei rette svara.
Kontrollert bål
Med vindstille og ytterst på ein lang steinmolo, var det ingen brannfare med eit lite bål for å markere den gamle merkedagen. Godkjent av brannvernet. Eit fint punktum på ein flott sommardag og Syftesokmarkering ved Gunnabuda på Longva med litt attåt.
Olav Skarstein