Taredyrking ny næring på øya?
Taren som veks villig vekk i sjøen rundt oss er ein lite utnytta ressurs trass i at han inneheld mykje av viktige næringsstoff som vitaminar og mineralar, proteinar og kostfiber, og dessutan ein god del karbohydrat. Dermed er tare svært godt egna til mat for både folk, fe og fisk. I tillegg kan biodrivstoff og mykje anna lagast av tare. Alginat, som er eit tareprodukt, vert brukt i alt frå kosmetikk og tannkrem til mat og medisinar.
På grunn av det formidable potensialet er det spådd at produksjon og foredling av tang og tare vil bli den neste store marine næringa. Slik aktivitet er alt i gang fleire stader langs kysten, og kanskje vil den snart kome hit på øya. Iallfall har eit par frå Nederland, Saskia Mulder og Phil Mansfield, i tre dagar vore på øya og sett på forholda og muligheitene for å realisere sitt tareprosjekt her.
God plan
Onsdag (15/3) presenterte dei prosjektet på Gunnabuda for ei lita forsamling frå Øyrådet og nokre andre interesserte. Og det var ikkje noko luftslott dei viste fram, men ein gjennomtenkt og gjennomarbeidd plan som kort fortalt går ut på å dyrke og foredle tare, og å marknadsføre dei ferdige produkta på ulike vis. Dei to har nytta dagane til samtalar med næringskonsulenten i Haram, med «tarefolk» i Møreforsking i Ålesund og med folk som alt er i gang med tareproduksjon. Likeins har dei vore ute på Marine Harvest sitt anlegg, og fredag står samtalar med folk frå Sintef i Trondheim på agendaen før dei reiser tilbake til Nederland.
Mat for folk
Som nemnt var det eit solid og seriøst prosjekt som vart presentert av dei to hollendarane. Prosjektet har fått namnet «The Sea Greenery». Dei vil starte i det små og utvide etter kvart som dei skaffar seg erfaring med både produksjon og marknad. Planen er å utvikle ulike matprodukt – alt frå tareburger til krydder i bakst og grønsaker til middagen. I planen inngår også ein butikk og/eller lunsjkafé, til dømes i Ålesund, og gjennom all si verksemd vil dei promotere tang og tare som sunn og næringsrik mat.
Taresenter
Ein annan idé dei har, er å etablere eit informasjons-/opplevingssenter der folk kan lære om tare og taredyrking, med høve til å besøke ein testlokasjon og kanskje dykke der. Kurs om tare- og sjørelaterte emne kan tenkjast, samt andre slags arrangement. Eit slikt senter kan også bli ein turistattraksjon, som kan gå inn i reiselivstilbodet på øya.
På spørsmål frå publikum i salen om her er taresortar i sjøen rundt øya som kan brukast til dyrking, svarte Saskia Mulder, som er marinbiolog, at ho hadde sett taresortar som er vanlege til oppdrett i sjøen her. Det er difor ikkje aktuelt å importere framande sortar, som kan påverke dei lokale artane og såleis vere uheldig for det eksisterande miljøet.
Laks + tare = sant?
Eit anna spørsmål som kom opp, var om eit tareanlegg kunne ligge i nærleiken av Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg og nyte godt av næringsstoffa som kjem derifrå. Saskia og Phil hadde diskutert dette med dagleg leiar på lakseanlegget, Svein Olav Otterlei, og kome til at det ikkje var ideelt i dette tilfellet. Éin minusfaktor var den sterke straumen, ein annan at der blir relativt tidleg skugge når sola går bakom Skulen. Dei tre viktigaste faktorane for god tarevekst er straum, lys og næringsstoff, opplyste Saskia.
Oppstart
Når kan taredyrkinga starte? Det er mange ting som må på plass før den første testlinja kjem i sjøen. Mellom anna må det søkjast konsesjon og ordnast andre formalitetar, og Phil og Saskia må finne seg jobbar i nærleiken for å ha noko å leve av medan dei byggjer opp bedrifta. Så det vert ikkje dette året, men vonleg frå hausten neste år.
For best resultat og best kvalitet på taren, bør «tarefrøa» (sporer) setjast ut i oktober og den ferdig utvaksne taren haustast i mai året etter. Det tek altså berre eit halvt år for taren å bli fullvaksen. Den liker å ha det kjølig og taper kvalitet når vasstemperaturen stig utover våren og sommaren.
På spørsmål om kva djupne som er ideelt for taredyrking, var svaret at der må vere minimum fire meter. Elles speler djupna ikkje særleg rolle, for dyrkingslinjene vil uansett ligge i vasskorpa for å få best mogleg lys.
Arealplan
Tareoppdrett krev ein god del sjøareal, og noko på land òg, sjølvsagt. For tida arbeider kommunen med ny arealplan for øya her, og den vil bli lagt ut til høyring om ca. seks månader, hadde Saskia og Phil fått opplyst. Då er det viktig å vere på bana og få areal til tareoppdrett inn i planen.
Grunnen til at dei to taregründerane frå Nederland dukka opp akkurat her med sine planar, er samarbeidet som Øyrådet har med firmaet Placement. Dette er det også eit nederlandsk par som står bak. Dei held til på Sjøholt og har spesialisert seg på å «hente» såkalla livsstilsflyttarar frå Belgia og Nederland til Noreg. Gert Rietman frå firmaet var til stades på møtet og kunne opplyse at han på sin butikk på Sjøholt hadde knekkebrød med tare til sals!