Teater på Rogne ”Midt i Livet 2”
Teatret Vårt entra scena på Framtun på fredagskvelden med Midt i Livet 2 – ein oppfølgjer til krisa for eitt år sidan. Tre karar starta band for å få seg dame. Korleis har dette gått?
Dei tre karane – Knut, Thomas og Halvard – starta bandet Kommu9kazjon, og spelar seg gjennom fylket. Både som konsert og teater. Det store spørsmålet er om dei har fått seg dame. Dei skryt på seg eit stort JA! Gjennom song og ettertanke vart eit stort JA, til eit noko mindre tja. Dei tok salen med storm. Kommunikasjon og latter og klapping. God kontakt. Humor med sjølvironi der mang ein mann kan kjenne seg igjen. Men også kvinnetolking som slapp gapskratten laus. Sjølv om alt gjekk føre seg i svært så sømelege former, var det plass for erotiske hint.
Gruppa nytta nokre gamla slagarar, både til stemning og analyse. Dei yngste kjende nok ikkje Randi Hansen si ”Hvis æ fikk vere sola di” og Halvdan Sivertsen sin ”Kjærlighetsvisa”, men dei litt eldre gliste godt til både mimring og analyse. Fire kalde pils i vatnet. Det er ikkje mogeleg på grunt vatn når sola skin. Fire lunkne pils. Eller ”Hvis eg fekk vere lipsylen din? ” Gruppa sin eigen ”Vi skal ha en fest” satte stemninga frå start.
Status quo: Ein har ikkje dame – fekk nei, ein har dame men går i terapi og ein har dame eller er det ikkje slik? Lokalt sjekketriks på Famtun med rose er notert. Ei på rad ein med rose i hand og rose i kinn. Denne gruppa vil vi sjå meire til.
Både før og etter teater/konsert fekk dei 60 unge, vaksne og gamle servert erstatning til champagne og kanapear – kaffi, brus og kaker! Ein sikker vinnar! Kjekt at Teatret Vårt har Framtun på lista. Kjekt at så mange slepp seg laus ein fredags kveld. Kjekt at folk i alle aldrar har sans for teater. Kjekt vert det heilt sikkert også neste gong når Teatret Vårt vitjar Framtun.
Midt i livet: Dei tre karane heiter: Bjørnar Lisether Teigen, Lars Melsæter Rydjord og Hugo Mikal Skår. Velfortent applaus for den gleda dei gav.
Olav Skarstein


