UL Fram får besøk av Julenissen
UL Fram på Rogne hadde invitert junior teatergruppa på hyggekveld med pizza og underhaldning, som takk for kjempearbeid med Oliver Twist oppsetninga no nyleg. Lite visste dei om ein ekstra grunn til festen.
For sjølv om dette var ein så velfortent pizzafest, var det også eit ønskje om å skape ei flott ramme om ei julegåve som nesten ingen visste om. Ikkje ein gong styret i laget. For rett som pizza var komen på fat og julebrus i glas, så banka det på døra.
Det var ikkje nissen, men han var veldig lik
Haldor Lillebø i Gjensidige stiftelsen steig inn med ei gåve i handa si, ei gåve som synte seg å vere ein sjekk på heile kr 592.200,-. Summen går til fornying av lyd og lysanlegg på den nye scena som snart er klar, når gamalt og nytt bygg vert smelta saman.
Leiar i UL Fram, Sigrun Rogne, takka hjarteleg for julegåva. Sjekken haddde ein fin tekst: ”Framtun-frilynt, frivillig, felles og foryngande for framtida”. Haldor Lillebø sette stor pris på at UL Fram hadde ordna eit arrangement denne kvelden, der dei unge kunne vere med å få denne gåva. Desse tilskotsmidlane som vert delt ut ein gong i året, går til aktivitetar der unge i alderen 13-18 år kan henge. Teateraktiviteten i UL Fram er midt i målgruppa seier Lillebø.
Omvisning
Gjensidige stiftelsen har tidlegare gjeve tilskot til nybygg. I 2017 dukka Lillebø opp på advenstsfesten i nissekostyme og ein feit sjekk som gjorde at UL Fram kunne starte arbeidet på påbygg. Med desse midlane og masse dugnadstimar, har bygget vakse fram.
Lillebø fekk gjennom omvisning sjå korleis midlane har vore nytta. Han var veldig fornøgd med det han fekk sjå, og alt dugnadsarbeidet gjer at prosjektet er attraktivt for stiftelsen. Ikkje heilt uventa ønskte UL Fram Lillebø velkomen igjen. For det er masse dugnadsarbeid og kostnader i kø – før alt er ferdig.
Pizzafesten
På programmet for dei unge sto det pizza, quiz, dans, film og kos.
Heimelaga pizza er topp og den sklei lett ned. Det same med sjokolade brettkake. Quizen gjekk litt forbi Nordre sin utskremde – som då var med på synfaring i bygget. Men vi registrete at vinnar vart Live Høistad Aakre, som saman med si mormor Aud Høistad, gjekk til topps.
Kven er det som ikkje får sjå heile framføringa av Oliver Twist? Jau, det er dei på scena. Aud Høistad hadde filma og kunne vise aktørane dei kjempegode prestasjonane. Applaus og trampeklapp satt laust mellom dei gode skodespelarane etter som scene etter scene og sceneskift rulla fram over filmlerretet. Dette er meir enn å henge i lag! Dette er lagspel og samhald på høgt plan!
Dans
Styret hadde lova litt tid til dans. Her var coronareglane ei utfordring. Men linedans med 1 meter alle vegar kunne vel gå. Og det vart eit par gode dansar, der innestengd energi kunne få utløp. Med all respekt for våre helsestyremakter, meteren kunne i blant bli litt kort, men dette er skuleelevar som elles lever til dels under meteren.
Tøff tid
Det er ei tøff tid vi lever i no. Ei tid som er vaskeleg å forstå. Vi har inga erfaring med at vi ikkje skal vere i lag, ikkje vere mange, ikkje klemme, ikkje det meste. Eg må gje honnør til UL Fram for eit fint gjennomført arrangement og ein hyggekveld for proffe ungdommar!
Olav Skarstein