Ungdomane i UL Fram tok salen med storm!
Jonsok på Framtun med rømmegraut og teater. Full sal og stor jubel då Aladdin og prinsesse Jasmin rota det til ei stund. Men når enden er god…
Teater og jonsok festen på laurdagen var utseld lenge før dørene opna. Både teater og jonsokfeiring på Rogne er veldig populært. Særleg dreg utsøkt skodespel på scena folk til Framtun som ein magnet. Skodespel, dans, kostymer, sang og eventyrleg scene og flott ungdom skal ein leite lenge etter.
Den tradisjonelle jonsokfesten har vore hemma i 4 år grunna pandemi, men no endeleg kunne vi opne opp og feire Jonsok med rømmegraut og pølser og fest seier leiar Kari Rogne Kolseth.
Teater
Disney sitt skodespel Aladdin er omsett til norsk av Sigrun Rogne og tilpassa lokal dialekt og lokale uttrykk. Ein musikal som aktørane meistra både i spel, song, dans og innleving – så naturleg at publikum vart dregne inn i livet i Agrabah og vart verande der i den dramatiske tida musikalen varte.
Ein ungdomleg eksplosjon på ei lita lokal scene tok pusten frå dei fleste med topp dans, song, humor og dramatikk.
37 proffe ungdommar gjorde kveldane til ein fest. Med så mange gode aktørar at det er vanskeleg å framheve nokon, for samspelet satt satt som klistra. Store roller som Aladdin (Markus Fjørtoft) og prinsesse Jasmin (Iselin Davik) får stjerner, men må likevel dele med ånda i lampa, Genie (Celine Fjørtoft) med eit scenespel og ei sangstemme du skal leite lenge etter. Trur mange også vil kaste terning seks til lakeien Iago (Aksel Borlin) for ekstremt godt skodespel og song med fakter og replikkar som gjekk rett inn. Han holdt stilen gjennom heile dramaet!
Om du ikke har vore på Framtun og opplevd høg kvalitet teater/musikal – så er det på tide, på tide, på tide å vakne opp. To helgedagar samla om lag 400 i salen – din tur neste gong!
Eldsjeler og øving
Skal det bli bra – så prøver vi igjen og igjen og igjen.
Tålmodige instruktørar med fokus!
Høyrt strofa ”Det E Itjnå Som Kjem Tå Seg Sjøl”.UL Fram har eldsjeler – ja dei same gjennom mange år – særleg tre gode eldsjeler for teaterarbeid, scene, lyd/lys og skodespel/dans/song.
Dei tre er Marion Høistad Bergheim, Linda Nogva Vedeld og Reidunn Rogne Flem. I tillegg er det ei mengd gode eldsjeler innan sminke, scene, kostymer, teknisk og backstage.
Berre ein liten time før generalprøva på fredag dura symaskinene oppe i sysalen på Framtun. Siste innspurt. Det hadde ikkje funka utan alle.
FRAMtida
Sidan Nordøyane er knytta nærare saman, er også trua på komande samarbeid stor. Det skulle love om ei lysande framtid for mange lag og organisasjonar.
Genie sa det: Eg elskar ”Happy ending!”
Celine og Aksel får full stjernepott!
Har trua!
Olav Skarstein