Unge blinkskot
Brattvåg og Hildre Skyttarlag har skyteskule for både vaksne og born/unge på Haramsøy. Mange unge talentar.
For ei tid tilbake vart Brattvåg og Hildre Skyttarlag og Sæberget Skyttarlag, Haramsøy slått saman. Sæberget hadde ikkje lenger utandørsbane og Brattvåg og Hildre hadde trong for nytt blod. Det nye laget har fått leige eit kjellarlokale i Haramsøy Barneskule som høver godt for skyting, men berre luftgevær. No er det skyteskule over 10 kveldar. Sju born/unge og fire vaksne har blinkane i sikte.
Tryggleik er viktig, seier leiaren i laget, Per Gunnar Øines. Kurset har derfor ein teoretisk del, der reglar for våpenbruk vert terpa på. Den teoretiske delen har også litt om liggestillingar og teknikk. Det er lett å vere samd i at våpenbruk må ta omsyn til folk i nærleiken. Teori er ofte litt kjedeleg når det klør i avtrekkarfingeren. Vi let oss imponere over god disiplin før praktisk arbeid. Kurset er no der kursdeltakarane kosar seg. På magen i god stilling og blinken i sikte. Merkar oss likevel at disiplinen og respekten for våpen er til stades heile tida. Mange gode skot – mange blinkar. No ligg du ikkje rett. Flytt foten. Kurskveld nummer tre av ti er i gang. Skyting krev både stø hand, kondisjon og passe lite nervøsitet. Nokre unge hadde alt på plass.
Håkon Flem (13) hadde fått interesse for skyting på HaNo (fotballklubben) sine idrettsdagar. På HaNo dagane i år (messedagar) der det var høve til å skyte, brukte han mange pengar på skytebana med luftgevær. Han likar utfordringa mot blinken, traff bra i kveld. Gøy seier han.
Frida Otterlei (12) – treffsikker. Ho ha kosa seg med avtrekkaren lenge. Ho har skote litt på ymse stemne og andre høve. Brukte masse pengar på skyting på HaNo dagane ho også. Ho seier at ho alltid har likt å skyte. Gledar seg til å få skyte med salonggevær på bana på Hildre, å få kjenne rekylen.
Topp å få ta del på dette skytekurset, tre av ti kveldar, gledar seg til resten av kurset og som sagt, tøffare skyting seinare.
Ein stor sport – skyting på bane – skiskyting – landsstemne – eller lokale treff. Ein sport som krev ei stødig hand og stor fornuft. Veldig viktig med fornuft!
Olav Skarstein