Våren lokkar til turmarsj!
Nordøy Idrettslag tek folket med seg på tur 2. påskedag. Vinter og vår i kamp. Nysnø og påskeliljer i lag om morgonen, så kjem varmen sigande. Fin dag!
Ein litt kald morgon kan ikkje halde folk under dyna heile dagen. Våren er på gang og alle har kle som høver for det meste. Målet var gapahuken i Djupedalen på Longva. Mange tok ei ekstra trimrunde og nokre tok ein omveg til Skuletoppen 592 moh., før dei hamna i gapahuken i lag med mange andre. Ikkje rekord i år, men 121 er ein høg folketalsprosent – nesten 25%. Halvparten var born og den andre halvparten var vaksne med mykje born i seg.
På plass i Djupedalen – registrering, saft, kaffi, sjokolade, appelsin, plass til å leve. Naturen og skogen er leikeplassen, benkar og kaffi er på plass. Du møter folk til prat og lar borna få fri til moro. Slapp av – det går så bra. Klatre, springe og skattejakt. Påskeegget er også i år gøymt ein stad i nærleiken. Borna finkjemma skogen, trur ikkje ein liten makk kunne gått fri. Jenny Flem fann påskeegget!. Ein konkurranse der alle får ein del av skatten. Andreas Flem hadde jobben med rettferdig deling.
Både grill og bålplass var varme, slik at pølse og marshmallows fekk svi seg. Smakte utmerka uavhengig av svigrad. Sjølv om røyken skifta retning og kom midt i mot – rett som det var, så var alle uthaldande og venta på grillresultatet. Sjølvlaga er vellaga!
Litt hjernetrimm var det plass til ein søndags føremiddag. Quiz med både lokalt og internasjonalt stoff vart vunnen av Janita Riksheim Berg og Tor Erik Husevåg med 17 av 22 moglege poeng.
Fint tiltak av trimgruppa i Nordøy Idrettslag som har laga påskemarsjen til ein tradisjon.
Olav Skarstein