Vårfest på Nordøy Grendahus 5. mars
For første gong i historia arrangerer Øyrådet ein «folkefest» som går av stabelen 5. mars. (Vel, historie og historie – Øyrådet er ikkje meir enn eit år gammalt – vart skipa 25. februar 2015.)
I alle fall – fest blir det. Hovudingrediensar er mat, litt underhaldning og dans. Til dansespelinga er det tromma saman eit ni-manns band med lokale krefter. Musikken er variert og skulle tilfredsstille ulike smakar og aldrar.
Vårfesten er open for alle over 15 år – det er ingen fordelar eller ulemper om ein er medlem eller ikkje. Men det er påmelding – til Gjertrud Longva, 414 89 413 eller Lidvar Rogne, 472 74 218.
Pris: 400 kr/pers.
Etter danseslutt går det buss til Haramsøya.
Sjå elles den flotte plakaten nedanfor (laga av Trond Ravnestad).