Vellykka vårfest
Mellom 120 og 130 menneske var til stades på vårfesten som gjekk av stabelen på Nordøy Grendahus laurdag 5. mars i regi av Øyrådet. Publikum var i alle aldrar, men hovudvekta var nok på «vaksne». Forklaringa på det er truleg at det i annonseringa vart antyda at festen var innretta på denne gruppa, med formuleringar som «moderat lydstyrke» på musikken.
Mykje godt forarbeid til festen var gjort; mellom anna var salen elegant pynta med mange forseggjorte detaljar og framstod som svært innbydande for gjestene. Og maten stod i stil med lokalet – bacalao pluss koldtbord med salatar, eggerøre, laksemousse og anna lekkert tilbehør. For ikkje å nemne dessertbordet med sine flotte kaker og andre fristande søtsaker!
Etter maten var det kåseri av Elias Rogne «i kjent stil» med dagsaktuelle hendingar på rim i humoristiske vendingar. Hovudtema var forviklingar med Nordøyvegen. Helge Rogne framførte så ei heller personleg historie om sitt trøblete seksualliv.
Til slutt var det dans til musikk av «Dansebandet» – eit ni manns sterkt orkester av lokale musikarar som var samla saman for dette høvet. Musikken – frå rumba via vals og swing til polka – fall i smak, og dansegolvet var godt befolka heile kvelden. Som annonsert var lydstyrken moderat, og dette var det mange som sette pris på.

«Dansebandet» – Bak f.v.: Trond Ravnestad, Bjørn Kåre Høistad, Linda N. Vedeld, Hallgeir Remme og Knut Flem – Framme: Per Kåre Flem, Marion H. Bergheim, Daniel Grebstad og Erlend Hagen
Det vanka mange godord om festen, kanskje særleg frå den eldre delen av deltakarane. Alt i alt ein vellykka vårfest, og signal frå arrangørane tyder på at dei vil prøve noko liknande ein annan gong.