Verda er blitt så nøyaktig
I ein tom silo – på Bakken på Longva – kaldt inne og varmt ute i vårver i mars. Kunstarar, fagfolk og statistar i arbeid. No i varm oktober fekk vi så kva Terese Longva og Harald Dyrkorn hadde skapt.
Arena er nesten sjølvsagt, Framtun på Rogne. Kulturkveld 21. oktober i UL Fram sin regi med program, prat, mat og velvere. Terese og Harald syner arbeidet frå siloen på Longva på skjerm på scena og på golvet. Projektor er plassert oppe i taket mot golvet. Veldig fin og uvanleg måte å vise video på. Særleg fordi den var filma i fugleperspektiv slik at publikum får fuglen sin plass over dei små menneska der nede i siloen – i skiftande formasjonar. Frå einskilde individ til grupper og samling.
Terese Longva og Harald Dyrkorn har fått fram ein flott video frå ein heil dag filming. Og deretter jobba fram ein tekst, til ei øy på Nordvestlandet, til kjerreveg og sti, til utsida, baksida der ingen bur, til eit felleskap med kviger på beite, kulerunde auge som kjem mot deg i samla tropp.
Videoen og teksten er to sjølvstendige arbeid, men ideen er den same. Korleis ein går frå å vere eit tilsynelatande sjølvstendig individ, til å danne ei gruppe – fellesskap.
Ikkje alltid like lett å forstå. Men kunst skal utfordre, kunst skal engasjere og få oss til å stille spørsmål. Mange nytta høve til å få vite meir om dette prosjektet. Både innan naturen og forandringar for menneske. Og mange fortalde korleis dei opplevde prosjektet.
Videoen har vore presentert på ei gruppevisning i Bergen Kunsthall, men heile prosektet med video og tekst hadde sin premiere på Framtun. Ei ære til bygda. Det var rett mange som nytta høve til å vere med denne kvelden.