Vertskap og integrering
Øyrådet på Flemsøy/Skuløy jobbar aktivt for å få tilflytting til øya. Selskapet Placement er ein medspelar for å hente tilflyttarar frå m.a. Nederland, Belgia og Tyskland.
I ei verd med stadig meir stress og sentralisering, er det folk i Europa som har søkjelyset på livskvalitet. Finne eit liv i harmoni med natur og folk. I ly for støy og stress. Kome til eit samfunn som bryr seg og tek i mot med hjarte. Arbeidsplassar og inntekt er sjølvsagt nummer ein for å kunne flytte til ein ny plass. Men utan integrering og eit godt vertskap, kan sjølv dei beste intensjonar bli lagde i grus. Placement med adresse Ørskog, har opparbeida seg kompetanse og erfaring som kan hjelpe både innflyttar og mottakar.
Kva med vår lokale kunnskap?
Øyrådet på Flemsøy/Skuløy er aktive både med informasjon og kurs. Tidlegare i år med miniseminar innan reiseliv og turisme, no med fokus på tilflytting. Selskapet Placement kan finne folk som ønskjer å flytte. Arbeidsplassar på øya er eit nålauge. Kurset på Gunnabuda denne torsdagskvelden handla om det kollektive ansvaret eit lokalsamfunn har, når det gjeld å vere vert og ta inn i samfunnet dei som flyttar til.
Målet med kurset er å engasjere partane. Dei som kjem og dei som bur. Offentlege og private. Du får ikkje tilflyttarar til å bli verande utan lokalt engasjement. Kommunen må ha godt mottaksapparat, oppfølging og gode norskkurs. Engasjement i bumiljøet, skule og barnehage. Verksemder med positive haldningar. Det å vere eit positivt vertskap er ein avgjerande del av integreringa. Nokre få negative sjeler kan vere nok til å reversere det positive.
Det kan vere dei små tinga som er avgjerande for å ha lyst til å flytte til ein stad: Ha ein fin dag!
Møte glade små og store. Lokal skule og lokal aktivitet.
Positivt kurs om korleis ein kan ta imot nye menneske i bygda.
Olav Skarstein