Vinterføre etter kalenderen
Kalde netter, vatn frys til is, glatte vegar – vi må berre få skifte dekk frå sommar til vinter. Seaside Custom på Rogne kan dekkskift og har mannskap på jobb! Men kvart år vert vinter til haust igjen.

I ventetida var det vaflar, kaker og kaffi og løysing av
verdsproblem. Eli Standal, Karsten Haram, Merete Elin Bjørdal,
Karsten Ulla, Linda Ulla, Gunnvor Orten og Solveig Krogsæter.
Både vår og haust stiller Seaside Custom med mannskap for å skifte dekk for både medlemer og andre for ein rimeleg penge. Dekkskiftedagen er ikkje berre ein dag for å få piggane på eller av, det er også ein sosial dag der heftig diskusjon med semje og usemje om viktige saker vert lagt på bordet. Både glede og frustrasjonar over det etablerte kjem fram. Ramma rundt er det ikkje noko å seie på, eit varmt klubblokale med nysteikte vaflar, kaker, pølser, brus og kaffi.
Skifte til vinter
Seaside Custom har to løftebukkar, og kan soleis jobbe med to bilar i gongen. Men laget har eit anna ess i armen, tre lag på 3-4 personar kastar seg over kvar ny bil og får jobben unna i rekordtempo. To lag i jobb og eit i kvile, veldig bra! Med kvar sine oppgåver går jobben unna.
Detaljar
Kontroll og tryggleik. Seaside Custom har tenkt tryggleik. Derfor er det lagt inn kontroll på alle operasjonar. Forsvarleg jekkfeste. Rett dekk på rett plass i samsvar med rulleretning. Merking av dekk som vert tatt av. Sjekking av lufttrykk og etterfylling av luft. Kontroll av at mutterar er festa skikkeleg. Melding til bileigarar om dekk som kanskje bør fornyast.
Fornøgd med dagen
Leiaren i laget, Trond Ravnestad, er nøgd med dagen. Volumet var omlag som tidlegare, nesten 30 bilar i dag, og tilsaman med nokre som var skifta på førehand ca. 35 privatbilar totalt. I tillegg har dei skifta på den lokale brannbilen og nokre lastebilar.
Ei nyttig teneste for mange som av ulike årsaker finn det praktisk å få hjelp til dekkskifting. Både alder og sjukdom kan gjere arbeidet vanskeleg for nokre, medan verktøy og ein høveleg arbeidsplass kan vere problemet for andre. Eller rett og slett at dette er ein teneste som er praktisk å kjøpe.
No kan berre vinteren kome. Vi veit av erfaring at det vert ikkje mange dagane med glatt. Men vi veit ikkje kva dagar!
Olav Skarstein