Vinterkonsert med Lepsøy og Flem Skulekorps
Vinteren heng ikkje heilt med, snøskufla er parkert i garasjen. Til og med konserten er varm og god. Er denne varmen menneskeskapt? Ja, sjølvsagt er denne varme konserten menneskeskapt!
Korps og dirigent, foreldre og publikum, eit samspel med krefter som gjer dagane litt lysare og som kan smelte både tungsinn og mørketid. Mykje folk på plass i Nordøy Grendahus på Longva.
Til glede for både unge og vaksne hadde konserten tid for både overrasking, humor og gryande kompetanse. Konserten startar utan dirigent. Utan dirigent. Kvar er Slavey?
Aurora Longva – 12 år – fekk ansvaret, og svinga taktstokken i dei to første låtane. Den første var The Happy Cyclist – heilt tilfeldig kom eit korpsmedlem litt for seint på sykkel – og fekk sessa seg bak sin kornett.
Sykkelen, eller meir presist; sykkelbjella fekk Fredrikke Søvik Rønning tildelt til harmonisk utfolding i den annonserte melodien.
Litt humor i det alvorlege. Her kom to for å spreie glede i heile skalaen. Hadde leita seg fram etter landet og deretter øy for øy. Ikkje lett å finne korps, mørkt eller stengt. Det lysna ikkje før dei kom til Longva, der både Lepsøy- og Flem skulekorps var på scena.
Gjest: Ane Flem. Store roller i UL Fram sine oppsetningar. Både i Annie og Oliver Twist var ho god. Ho har også vist at ho kan stå for sang i andre settingar. Ho gav oss songane ”Say you want let go” og “Castle on the hill”.
Godt samarbeid mellom to korps. Flem skulekorps hadde eit fint møte med Lepsøy skulekorps i fjor – og dette var ei fin oppfølging.
Olav Skarstein