Årsmøte i Øyrådet
Tysdag 23. februar hadde Øyrådet for Flemsøy/Skuløy sitt første årsmøte – nesten på dagen eitt år etter det vart starta (skipingsmøtet var 25. februar i fjor).
På den relativt korte tida har Øyrådet rokke å setje spor etter seg. Ei viktig sak som øyrådet tok initiativ til, var folkeaksjonen for å behalde Kvileheimen intakt med fast bemanning. Ikkje mindre enn 850 underskrifter frå alle fire øyane vart innsamla, og det vart halde folkemøte med kommuneleiinga til stades. Sluttresultatet veit vi ikkje, men kommunen har iallfall bestemt seg for å sjå på saka på nytt.
Av andre ting som Øyrådet har engasjert seg i, er ei oppgradering av uteområdet ved skulen, der m.a. fleire nye leikeapparat er på plass.
Det er òg inngått eit samarbeid med firmaet «Placement», som har spesialisert seg på å få folk frå Nederland og Belgia til å flytte til Noreg og busetje seg her. Føremålet er å få barnefamiliar til å kome hit, sidan barnetalskurva viser ein sterkt nedadgåande tendens.
Vidare kan nemnast planlegging av ei dagsturhytte på toppen av Skulefjellet («Skulebua»). Bygginga av hytta er no starta; ho skal byggast nede i lavlandet og fraktast opp og monterast på plass til sommaren.
Så er det laga ein nettstad for Øyrådet (og øya) som du kan sjå, og likeins ei Facebook-side. Dette for å få ut informasjon om og reklamere for øya.
Sjå elles heile årsmeldinga til Øyrådet her og referat frå årsmøtet her.