Referat frå møte i Skulebugruppa 27.08.15
Møtestad og -tid: Sjurgarden kl. 17.00 – 18.50
Medlemer til stades: Jan Arne Longva, Severin Longva, Kåre Flem, Knut Flem.
Forfall: Arnfinn Flem og Per Olav Vedeld
Saker:
1. Utforming av hytta
Ulike typer og utforming har vore diskutert. Det var no viktig å ta ein bestemmelse for å kome vidare i arbeidet med Skulebua, og gruppa gjekk samrøystes inn for Arnfinn sitt utkast – den med eit «omvendt skip» til tak. Kanskje vil hytta bli heitande «Skuleskipet» på folkemunne…
Gruppa meinte at takvinkelen på modellen som låg føre var litt for bratt. Ein vinkel på rundt 20 grader vil truleg høve bra. Knut vil spørje Terje Aaseli om å teikne hytta med litt ulike takvinklar for å finne det beste alternativet.
Når det gjeld vindauga, bør øvste kanten vere 2 meter over golvet, slik at dei lange blant oss skal sleppe å bøye seg når dei skal nyte utsikta. Høgda på glaset bør vere ca 80 cm, og det skal gå over heile lengda på veggen. Oppslagstavler med informasjon om det ein ser skal monterast under vindauga.
Det vil bli prøvt å få til ein avtale med N.L. Austnes om å lage hytta i deira lokale.
2. Fundamentering – grunnarbeid
Her òg har det vore diskutert ulike løysingar, m.a. å bygge hytta på pålar og å støype ein ringmur. Gruppa landa på å grave ut tomt, fylle den med stein og støype oppå. Dette vil gi eit solid fundament som ingen orkan kan rikke. I tillegg vil det bli lagt stor stein rundt veggane.
3. Lynavleiar
Sidan hytta blir høgste punktet på fjelltoppen, kan ho vere utsett for lynnedslag. Difor kan det bli nødvendig å setje opp ei mast som lynavleiar. Fagfolk bør konsulterast om dette.
Referent: Knut Flem
Sjå nyaste plan, fasade og perspektivteikning av Skulebua her.