Referat frå styremøte i Øyrådet 24. november 2015
Møtestad: Flem skule. Start kl. 19.00. Møtet slutt kl. 21.15.
Desse var tilstade: Lidvar Rogne, Joar Haram, Gjertrud Longva (vara), Bjørn Longva, Mette Krogsæter, Knut G. Flem (vara), Karianne Urke (for triveselgruppa), Birgit Oline Kjerstad, Tanja Otterlei.
Forfall: Arnfinn Flem.
Sak 1. Gjennomgang av referat frå førre møte (Tanja)
Vi såg over referatet for å sikre oss at alle saker vart fulgt opp i dagens møte.
Sak 2. Prosjekt bygdemobilisering
Status: Ikkje noko nytt sidan sist møte. (Knut)
Sak 3. Nye instrukser til gruppene og til styret
Sekreteriatet. (Tanja / Knut / Mette)
Sekretariatet har utarbeidd forslag til nye vedtekter, som vart gjennomgått og diskutert i styret. (Sjå vedlegg.) Styret gjekk god for forslaget, med ei lita endring: «Arbeid med arealplan» vart lagt til som punkt også for næringsgruppa. Nye vedtekter skal godkjennast i årsmøtet.
Sak 4. Status frå arbeidsgruppene.
Tilflyttingsgruppa: Mette orienterte om Placement-prosjektet. Fleire familiar frå Nederland har tatt kontakt og ynskjer å flytte til øya. Utfordringa er å skaffe jobb og bustad. Her må ein samarbeide på tvers av gruppene, gjerne opprette ei «ad-hoc» gruppe, når det kjem til det steget at familiar vil kome på besøk til øya for å vurdere flytting.
I januar vil det bli eit folkemøte der Gert Rietmann (Placement) orienterer nærmare om kva som skal til for god velkomst og god integrering. (Lidvar finn dato i samråd med Rietmann innan neste styremøte.)
Sidan sist møte har tilflyttingsruppa hatt kontakt med flyktningkonsulenten i Haram, og meldt si interesse for å få barnefamiliar til å flytte til øya. Dette vart positivt møtt frå kommunen si side. Det vil passe best for familiar med barn som alt har fått opphaldsløyve og skal busetjast på ordinær måte.
Bustadgruppa har god kontroll på tomter og bustader på øya. Dei er i dialog med kommunen om ny arealplan. Neste steg vil vere å orientere folk om kva muligheiter som ligg i å påverke prosessen med utarbeiding av den nye planen.
Den nye arealplanen er også eit aktuelt tema for næringsgruppa. Birgit har vore på fleire møte som er aktuelle for næringsgruppa. Sjølve gruppa treng fleire folk til å drive arbeidet vidare. Skal ha eit møte i gruppa før jul.
Mediagruppa, trivselsgruppa og økonomigruppa: Ingen nye saker sidan sist møte.
Sak 5. Kvileheim..status og vegen vidare. ( Lidvar)
Lidvar har vore i kontakt med aktuelle personar som kan vere interesserte i å starte ei gruppe som set seg grundig inn i saka om Kvileheimen. Han har også snakka med Ordføraren. Kommunen har sagt at saka skal vurderast på nytt. Oppgåva til den lokale «Kvileheimsgruppa» blir å påverke den vidare prosessen slik at det framtidige tilbodet på Kvileheimen blir så godt som mogleg. Døgnbemanning er eit sentralt stikkord. Lidvar kallar inn dei aktuelle personane til eit lite møte før jul, for å få gruppa i gang.
Sak 6 Opning av ”nye” skuleplassen. (Tanja)
Dei nye leikeapparata på skulen er snart ferdigstilt. Det gjenstår også litt opprydding før plassen kan opnast. Det har vore møte i FAU og elevrådet. Ein vil gjerne ha hjelp frå Trivselsgruppa til å arrangere ei offisiell opning ein laurdag eller søndag etter jul. Her må ein legge planar og hive seg rundt når det kan passe vermessig. (januar/februar?) Elevrådet hadde ide om å lage konkurranse der ein utfordrar dei vaksne. Dei vil også gjerne ha mat og «klippe snor.»
Elles blir det jobba i FAU for å skaffe lys til leikeplassen og til gangstien ved fotballbana.
- Arbeid med «Skulebua»: Finansieringa er avhengig av om prosjektet blir godkjent som «nærmiljøanlegg» og dermed kjem inn under ordninga med spelemidlar. Det har i det siste blitt sådd tvil om dette, det har blitt gitt litt sprikande opplysningar frå Fylket. Knut Flem er i kontakt både med kommunen og fylket, og ein vil køyre prosessen for å prøve å få det godkjent etter den opprinnelege planen.
- Øyrådet skal arrangere ein bygdafest/dans den 5.mars på Nordøy Grendahus. Eit 10 manns orkester er alt i gang med å øve. Det blir matservering. Inntektene går til Øyrådet.
- Nordøyvegen er sak i Fylkestinget på Molde den 7. eller 8.desember. Her bør vi mobilisere folk for å vise engasjement kring saka! Sekretariatet (Mette/Knut/Tanja) og Lidvar møtest torsdag 26/11 kl. 17.30 for å utarbeide eit skriv med ein uttalelse frå Øyrådet, og for å planlegge evt transport/muligheit for å melde si interesse for å bli med til Molde.
- Det skal også utarbeidast instruks for Valkomiteen.
- Føring av dugnadstimar. Forslag om å lage eit enkelt skjema i papirformat som ein kan gi til alle som deltar i dugnadsarbeid, for lettare å ha kontroll med timar.
- Møtereferat bør ha som minimumskrav å ha med gruppa sitt namn, møtedato, møtestad og tidspunkt. Fullt namn på alle frammøtte og fullt namn på referent.
;
Neste Styremøte i Øyrådet blir tysdag 15.desember kl. 19 på Flem skule. Her må ein begynne å førebu planlegging av Folkemøte, slik at alle gruppene veit kva oppgåver dei kan ta fatt på rett etter nyttår. Eit anna aktuelt tema er rekruttering av nye (og gjerne yngre) krefter i dei ulike gruppene i øyrådet. Det bør også setjast dato for årsmøte.
Referent: Tanja Otterlei.