Historia om Uri Møbelfabrikk startar i kjellaren på Knutgarden i Støene (eller Uri, som er det offisielle gardsnamnet) på Flemsøy/Skuløy. På denne garden kom det til sju born frå 1910 til 1925, og den eldste av flokken, Kåre Uri, starta saman med broren Daniel å lage treprodukt i heimekjellaren på slutten av 1930-talet, mellom anna soveromsmøblar.

Knutgarden i Støene

Knutgarden i Støene 1912, der Uri Møbelfabrikk starta. Folket på biletet er (f.v.): Nils A. Flem (Torina-Nils), Torine Uren (f. Gamlem), Knut A. Uren (f. Flem), Inga D. Uri (f. Nogva), Kåre P. Uri (på fanget til Inga), Petter K. Uri, Henny Uri (f. Olsen frå Nordland), Einar Uri (i hendene på Henny), Olga og Tora Uri (tvillingar), Konrad Karlson Uri, Karl Knutson Uri. (Klikk på bildet for større versjon).

Etter at krigen kom til Noreg i 1940, vart tyskarane ei ny stor og viktig kundegruppe som trong inventar til brakkene sine. Ikkje minst skulle dei ha kleskap, som var den store «slageren» dei første krigsåra. Mellom anna vart det levert inventar til brakkene på Aukra då flyplassen der vart bygd, og sjurbåten «Knut» og mastøvbåten «Vik» frakta skap frå Støene heilt nord til Bodø. Dette gav sysselsetjing til folk både i Støene og andre grender. Utover krigsåra minka produksjonen av brakkeinventar, og etter kvart var det så å seie berre møblar til soverommet som vart laga på Støfabrikken.

Tronge produksjonslokale

På det meste var det 10 – 12 mann i arbeid i kjellaren, og i travle periodar arbeidde dei dag og natt – bokstaveleg tala. For då kunne det vere så mykje å gjere at dei gjekk skift, tolv timar på og tolv timar fri, og maskinene gjekk heile døgeret. Nokon av dei tilreisande arbeidskarane budde òg i huset, så det var ikkje mykje fred å få for sjølvefolket.

Ikkje berre det; den nord-vestre stova var òg i bruk som produksjonslokale. Det var teke hol i golvet for å kunne stikke delane til skapa opp igjennom. Både monteringa og målinga/lakkeringa gjekk føre seg der. Grunnen var truleg både at stova var nokolunde støvfri og generell plassmangel i kjellaren, og kanskje at dei ferdige skapa ikkje gjekk utigjennom kjellardørene. Faste målarar var brørne Ludvig og Peder Uri frå Gjerdet i Støene.

I eit hus på 8 x 8 meter var det ikkje akkurat romslege lokale til både dei ulike prosessane i produksjonen og lagerplass til materialar og ferdige produkt. Ferdige skapdelar vart frakta andre stader for å bli monterte der. Vi veit iallfall at skapdelar vart frakta den lange vegen inn til kjellaren til Lars M.O. Longva (Gjerde-Lars) og sett saman til heile skap der.

Ny fabrikk

Såleis gjekk det ikkje lang tid før behovet for meir plass vart påtrengjande, og dei to brørne bestemte seg for å setje opp ein fabrikkbygning. Denne plasserte dei nede ved sjøen, for det var planen å byggje ei kai slik at større båtar kunne legge til for å lette varetransporten.

Måleri av Støene-IH

Støene anno 1950. Uri Møbelfabrikk til venstre nede i fjøresteinane. Måleri av Ivar Hellebust.

Då murane til fabrikken skulle setjast opp, vart støypesanden frakta frå Veblungsnes til Støene med fiskebåten Aarvaag (Hildre-båten). Der var enno inga kai som Aarvaag kunne legge til, så sanden vart lest over i småbåtar og rodd opp i fjøra. Derifrå vart sanden boren eller trilla bort til byggeplassen. Terrenget var for steinut og ulendt til at ein kunne køyre med hest og vogn.

I fabrikken, som truleg stod ferdig i 1942, var der to «avdelingar» – eitt rom for snikkaravdelinga og eit lakkeringsrom. Av maskinar hadde dei ein stor kombimaskin som vog rundt tusen kilo, 2,50 m lang og 60 cm brei, og som «inneheldt» dimensjonshøvel, sirkelsag og fres. På fresa kunne knivane skiftast ut for å få dei profilane dei ville, og dei slipte til knivar og blad sjølve for å kunne lage profilar etter ønskje. Motoren var ein stor og sterk AEG-motor. Ved hjelp av reimdrift kunne den ønska funksjonen koplast ut og inn.

Olav O. Rogne deltok i rokkeproduksjonen i Hansgarden i periodar når han ikkje var på sjøen. Som ein av dei første på øya skaffa han seg privatbil i 1947. Det vert fortalt at han lasta bilen full av material og køyrde ut i Støene til møbelfabrikken. Der fekk han bruke dimensjonshøvelen som letta handarbeidet monaleg. Så var det tilbake til Rogne for å omsetje trestykka til rokkar og andre ting.

I Støfabrikken hadde dei òg ein pussemaskin med eit to meter langt og 20 cm breitt band. Vidare var der ei limpresse for å lime saman fjøler, som etterpå vart køyrt gjennom dimensjonshøvelen. I tillegg var der arbeidsbenkar for å gjere naudsynt handarbeid på. Det ferdige treverket vart så finert, og måling og lakkering vart utført med sprøytepistol.

Frå kleskap til soveromsmøblar

Kommode med spegel

Kommode med spegel som framleis er i dagleg (nattleg) bruk i Knutgarden på Rogne.

I nyefabrikken laga dei framleis noko inventar til tyskebrakker, men etter kvart gjekk produksjonen meir over på soveromsmøblar. Eit møblement bestod gjerne av dobbeltseng, to nattbord og kommode med spegel, men kunne supplerast med andre ting etter ønskje, som puffar eller kleskåp for dei som ville ha det.

Ein vri dei gjorde med sengene som var nytt på desse kantar, var å runde hjørna på sengegavlen i fotenden, i staden for å ha gavlen heilt bein, som var det vanlege. Idéane til møblane hadde dei høgst sannsynleg frå tyske møbelkatalogar som dei hadde fått tak i. Desse finst framleis og viser bilete av liknande soveromsmøblar som vart laga på Støfabrikken, og likskapen er slåande.

Nattbord

Nattbord pynta med ornament og ådring

Møblane vart gjerne måla i ein lys farge og dessutan ofte pynta med treskurd (ornament) som Anton Flem laga på «Bryggja» (Rimmebuda) på Flem.

Ei dramatisk hending opplevde folk i Støene og på fabrikken i mars 1943 då Shetlands-Larsen med seks mann hadde rodd i livbåt frå havet utanfor Nord-Trøndelag på flukt frå tyskarane. Dei la til lands i Gamleura like ved «kiosken» (der el-kabelen gjekk over til Fjørtofta) og rodde vidare i retning Søvika i skyminga. Dagen etter kom tyskarane på leit etter Shetlandsgjengen og brukte bajonetten på spondungen i fabrikken og høyet i løene. Men utan å finne nokon.

Transport og marknad

Planen om å byggje kai i Støvika vart aldri realisert, og varene kunne såleis ikkje fraktast sjøvegen til og frå Støene. Dermed vart transport landevegen løysinga. Steinar Nogva køyrde produkta med lastebil til kaia på Longva, der rutebåten tok over frakta vidare.

Runda seng og puff

Halv dobbeltseng med runda fotgavl pluss puff. Brunfargen er komen til seinare.

Soveromsmøblane vart kjøpt av forretningar i Ålesund og Molde og kanskje endå vidare. Men mange møblement vart levert lokalt på øya og det næraste omlandet. Til ein viss grad var det bestillingsvare, slik at folk kunne tinge dei møblane dei ønskte. Framleis finst det soveromsmøblar produsert på Stø-fabrikken som er i dagleg (eller nattleg) bruk her i distriktet.

Andre verdskrig hadde skapt mangel på det meste, og med optimismen som følgde etter frigjeringa oppstod ein hungrig marknad som gav gode tider for produsentar av alle slags varer. Såleis gjekk Uri Møbelfabrikk «så det susa» dei første åra etter at krigen var slutt.

Nedgang og avvikling

Men som med svært mange andre småbedrifter som kom til like før, under og etter verdskrigen, tok omsetninga til å gå ned etter nokre år, og produksjonen stoppa gjerne heilt opp eit stykke utpå 1950-talet. Slik gjekk det òg med Støfabrikken. Marknaden vart metta etter kvart, og geografisk plassering av fabrikken var kanskje heller ikkje den aller beste. Kåre reiste til Finnøya i 1952 og tok seg arbeid på Finnøy Motorfabrikk, medan Daniel dreiv vidare ei tid og avvikla verksemda i 1953/54.

I dag er det berre murane som står att av fabrikkbygninga, og det som var ei livskraftig lita grend rundt 1950 er no fråflytta og omgjort til ferieidyll for folk og beitemark for fe.

Uri møbelfabrikk

Uri Møbelfabrikk låg heilt nedi fjøresteinane. Fjørtofta i bakgrunnen.


Folk som arbeidde på Uri Møbelfabrikk:

Daniel og Kåre Uri Knut Otterlei
Karl A. Flem Artur Rogne
Einar E. Flem Asbjørn J. Rogne
Paul L. Flem Jakob Rogne
Sigmund A. Flem Karl S. Rogne
Ivar Hansen Ludvig Uri
Jon Hansen Ole J. Rogne
Karsten J. Klokk Arne Uri
Arne Nogva Leif Uri
Knut Nogva Olav Uri
Fredrik Otterlei Peder Uri

Informantar:
Jostein Fjørtoft
Einar E. Flem
Leif Flem
Petter M. Flem
Karsten J. Klokk
Asbjørn J. Rogne
Leif Uri
Jan Petter Urke


Share