↓
 

Flemsøy/Skuløy

6293 Longva

  • Heim
  • Om oss
  • Ta kontakt
  • Kulturkalender
  • Vær og vind
  • Øyanytt
    • Hendt og hender
    • Frå Facebook-sida
    • Nytt frå Øyrådet

Innleggsnavigasjon

← Older posts
Nyere innlegg →

Innhaldsrikt barnestemne på Rogne

Flemsøy/Skuløy Skrevet 20. september 2016 av oyradet5. oktober 2016
Danseframsyning

Born og unge frå Vatne, Sykkylven, Volda, Ørsta, Stordal, Fiskå, Hellesylt hadde ei kjempehelg saman med likesinna i UL Fram (Flemsøy/Skuløy og Haramsøy). 168 påmelde pluss ein del vaksne til å halde styr på ein sprek ungdomsflokk frå 8 ungdomslag. … Les videre →

Seminar om næringsutvikling

Flemsøy/Skuløy Skrevet 19. september 2016 av oyradet19. september 2016
Næringsseminar

Tysdag  20. september er det eit seminar om næringsutvikling på Nordøy Grendahus i regi av Øyrådet. Det har fokus på den marine sektoren og kva muligheiter det kan vere å skape ny næring med råstoff frå sjøen. Seminaret varer frå … Les videre →

HaNo-dagane

Flemsøy/Skuløy Skrevet 6. september 2016 av oyradet5. oktober 2016
Mot-koret

HaNo-dagane med salsmesse, underhalding, fotball, smaksprøver, middag og kaker. Alt du treng heile helga. Mangla berre ei hengekøye for natta. Ny sykkel, hårklipp, spekepølse, tupperware, kunst eller foto på veggen, sko og regnklede, godt i munnen. Her var nesten alt. … Les videre →

Hanggliders på Skulen

Flemsøy/Skuløy Skrevet 3. august 2016 av oyradet4. august 2016
Hanggliding 1

Nordsida av øya kan sjå ut til å vere velegna til å flyge med “parasoll” – eller hangglider på norsk. Tre karar kom opp på toppen av Skulen og sonderte forholda for å ta seg ein flygetur. Etter litt “research” … Les videre →

Fjerning av granskog

Flemsøy/Skuløy Skrevet 17. juli 2016 av oyradet17. juli 2016
Granskog

Det er ein aksjon på gang for å få fjerna uønskte grantre – særleg sitkagran, som i følgje Wikipedia er tredje størst av alle tre-artar. Aksjonen er utgått frå Fjørtoft skogryddingslag, som har kontakta folk på dei andre øyane for … Les videre →

“Havgaprock” i Vikane

Flemsøy/Skuløy Skrevet 8. juli 2016 av oyradet25. juli 2016
Preben Lorgen og Lidvar Rogne

Kanskje ser vi starten på ein ny musikkfestival når «Havgaprock» går av stabelen i Vikane på Flem i morgon 9. juli. Ein kameratgjeng med Preben Lorgen i spissen har bestemt seg for å arrangere ein rockekonsert ute i havgapet – … Les videre →

Lakseoppdrett på Rogne

Flemsøy/Skuløy Skrevet 22. juni 2016 av oyradet25. juli 2016
Ute på laksemerden

Eitt av dei største selskapa på lakseoppdrett i Noreg, Marine Harvest, har eit topp moderne anlegg på Rogne. Tysdag 21. juni var representantar for Øyrådet, velforeningane på øya samt ordføraren og næringsrådgjevaren i Haram invitert på omvisning, informasjon og ein … Les videre →

Innspel frå personalet om Kvileheimen

Flemsøy/Skuløy Skrevet 5. juni 2016 av oyradet5. juni 2016
Haram kvileheim

Personalet ved Haram kvileheim på Longva møtte den kommunale ad hoc-komitéen som var på synfaring på staden 25. mai. Dei tilsette fekk legge fram sitt syn på den planlagde endringa av Kvileheimen og kva konsekvensar omlegginga etter deira meining ville … Les videre →

Ad hoc-synfaring på Kvileheimen

Flemsøy/Skuløy Skrevet 25. mai 2016 av oyradet3. juni 2016
Plakatar og parolar

Den kommunale ad hoc-komitéen var onsdag 25. mai på synfaring på Haram kvileheim på Longva. Føremålet var todelt: 1) å sjå på og få informasjon om bygget og 2) å møte dei tilsette for å høyre deira synspunkt på den … Les videre →

Skulebua på flyttefot

Flemsøy/Skuløy Skrevet 11. mai 2016 av oyradet12. mai 2016
Trucktransport av skulebuveggar

Ein del av Skulebua – m.a. veggar, dragar i mønet og takbjelkar, samt benkar langs veggane – er bygd ferdig inne i sjøbuda til Harald Longvanes. Bygget er no demontert og vart i dag (11. mai) frakta frå sjøbuda og … Les videre →

Innleggsnavigasjon

← Older posts
Nyere innlegg →
  • Velkomen
  • Fakta om øya
  • Nabolaget
  • Kommunikasjonar
  • Arbeidsplassar og næring
  • Bustad – eige eller leige
  • Barnehage og skule
  • Friluftsliv
  • Kulturaktivitetar
  • Folkeliv – fotoalbum
  • Øyablikk – fotoalbum
  • Lag og foreningar
  • Øyahistorie
  • Overnatting
  • Skulebua
  • Googlekart
  • Ta kontakt
  • Om oss
  • Øyrådet
  • Facebook nytt
Copyright © 2015 - Øyrådet
↑